Ysteboka

Dette er boka mange har venta på! Ysting finn du bl.a. i gardsbutikken på Sogn Jord- og Hagebruksskule, og i ulike bokhandlar på nett.

Frå omslaget:

Denne boka er ei lærebok i handverksysting. Ho tek for seg ysting heilt frå nybyrjarnivå,
men inneheld mange detaljar og tips som er nyttige òg for erfarne ystarar.

Boka startar med grunnleggjande mjølkekjemi og mikrobiologi og prinsippa for
modning og smaksutvikling i ost. Ho gjennomgår regelverk kring mjølkeforedling og
korleis regelverket kan etterlevast i praksis. Deretter er framstillingsprosessen for dei
viktigaste gruppene av mjølkeprodukt grundig handsama. For kvart trinn i ystinga
forklarar forfattarane kva som skjer i praksis, og korleis små justeringar verkar inn. Så
kan ein finne årsakene til at osten ikkje alltid blir som ein ønskjer. Boka gjev grunnlag
for å utvikle eigne oppskrifter og framgangsmåtar og skape nye mjølkeprodukt med
trygg, god og stabil kvalitet.

RAGNHILD NORDBØ er utdanna næringsmiddelkandidat frå Ås. Ho har arbeidd
som ostefagleg rådgjevar ved Ressurssenteret ved Sogn Jord- og Hagebruksskule sidan
2004. Ho har vore budeie i over 30 år og driv no gard med ysteri i Trøndelag.

MARIA BALLHAUS har arbeidd med mjølkeforedling sidan 2005. Ho har erfaring
som budeie både i Noreg og i Sveits. Ho har vore lærar ved Sogn Jord- og Hagebruksskule
og rådgjevar på Ressurssenteret ved skulen. No driv ho eigen gard med ysteri
i Tyskland.

Boka er resultat av eit prosjekt på Ressurssenteret ved Sogn Jord- og Hagebruksskule, der forfattarane er lærarar på kurs i mjølkeforedling. Anne Karin Hatling har vore prosjektleiar.