Livet i Aurland

Rett i nærleiken av skulen ligg eit kommunalt idretts- og samfunnshus med gymnastikksal og symjebasseng og ein fleirbrukshall (Aurlandshallen). I same område er det eit moderne utandørs idrettsanlegg som er ope for alle. Her er det styrkerom og ein kan velje mellom organiserte tilbod med volleyball- og handballtrening, herre-/dametrim, step, boksing, miniatyrskyting og klatring.

I Aurland er det mange lag og kulturelle aktivitetar der elevane er velkomne til å delta, slik som songkor, korps, husflidslag, musikk- og kulturskule, gamaldanskveldar, Røde kors m.m. Elles fins det kino, bibliotek og bakeri med mykje økologisk og lokal mat:

Fjella og fjorden innbyr til turgåing, jakt og fiske: