Glimt frå arbeidskvardagen i Inn på tunet (IPT)

Eirik Selmer og Gitanjali  Langeland i IPT har snekra ferdig 4 blomsterkasser til gardsbutikken.

Det har vore ein lang prosess. Frå merking og  kapping av materiale, bore hull (slik at materialet ikkje sprekk) og skru dei saman med drill. Det som tok lengst tid var grunning og maling av kassene. På biletet til høgre framfor butikken kan de sjå kassene i bruk, her er også Even Stigen med. Han jobbar mykje i gartneriet med fylling av brett og potter med jord.

Tekst og foto: Janicke Hoel