Lærarane

Even Hov er opphavleg frå Vassbygdi i Aurland og gjekk på SJH i 1985-86. Han har jobba på skulen sidan 1989 – meir eller mindre heile tida som fjøsmeister – men óg som lærar. Hovudinteressa er dyr og folk. Even bur i Aurland og har ein hage han har lite tid til. Heldigvis har han ein nabo som er pensjonert SJH-lærar, som steller fellesarealet der dei bur. Der dyrkast det litt av kvart. Even underviser i husdyr innan yrkesfagleg fordjuping (Vg2), og fjøsopplæring for både Vg2 og Vg3. I tillegg har han ansvaret for stølsdelen av sommarkurset, som går føre seg med mjølking av geit og ysting på Sinjarheim i Aurlandsdalen. Even meiner økologisk landbruk handlar om å sette tæring etter næring og nytta ressursane godt. Vi skal vere med på utviklinga, men ikkje for kva pris som helst. Det handlar om miljøbevisstheit og det å sjå løysingar. Om SJH seier Even:

Skulen er mangfaldig med masse ressursar på ein flott plass mellom fjord og fjell. Elevane vert godt tekne imot av bygdesamfunnet og er med på mykje av det som skjer i området. Og andre vegen er skulen viktig for byda – og resten av verda!

Gry Tokvam er utdanna innan ernæring og helse, mat og kultur. Ho har jobba i vidaregåande opplæring innan realfag, helse- og oppvekstfag og kokk- og servitørfag i 30 år. På fritida er ho oppteken av friluftsliv, organisasjonsarbeid og matlaging. Å eksperimentere med mat og ta vare på råvarene til det beste for munn og mage er favorittsysselen. Ho pendlar frå Sogndal, kor ho bur nede ved fjorden med ein bitteliten hageflekk full av etande vekstar. Gry underviser i foredling innan yrkesfagleg fordjuping (Vg2) og innan næringsdrift (Vg3). Ho meiner ei utdanning i økologisk landbruk lærer deg å ta vare på moder jord, samstundes som du kan produsera rein mat som er til det beste for kropp og sjel. Om SJH seier Gry:

SJH er mangfald på alle område. Ein god skule på ein naturskjønn stad, med fjord og fjell i sterke kontrastar året rundt. Det beste er kanskje når sola skin på dei kvite toppane og du gler deg til den skal skine på deg. Våren her er fantastisk!

Gunnar Rosten er utdanna anleggsmaskinreparatør og underviser i teknikk. Han har to fagbrev: reparatør tunge kjøretøy og anleggsmaskinmekanikar. Gunnar har jobba med tunge kjøretøy i 25 år, mellom anna mykje med lærlingar og som sensor på fagprøve. No er han i gong med praktisk-pedagogisk utdanning. Gunnar er oppvaksen i ei lita bygd innerst i Hardanger som heiter Skare. Der var han kvar ledige stund på den vesle garden til onkelen sin, ein liten gard med 70 vinterfôra dalasau. Oppe i bratta på veg mot Aurlandsfjellet har han no ein liten hage med to morelltre. Men det er kona som har grønast fingrar, Gunnar har ifølgje seg sjølv mest svarte.

Vi må alle dra i same retning for å få flest mogleg til å byrje med berekraftig økologisk landbruk – det er framtida. SJH er rette plassen, med høg kompetanse innan faget!

Hannah Jane Wood er frå England, har budd på Svalbard i fire år og oppheldt seg i lengre tid på Island og i Mongolia. Ho er utdanna agronom frå SJH i 1997-99, og tok praktisk-pedagogisk utdanning ved NMBU. I tillegg er ho utdanna barfottrimmar for hest. Hannah liker å garva skinn, sy i lêr, strikka, bryggja øl, laga vin og dra på tur med hest (kløv og riding). Ho bur på eit småbruk 5 km frå skulen, med tre islandshestar, ein hund og nokre høns. Hannah underviser i hest innan yrkesfagleg fordjuping (Vg2). I tillegg er ho med på å lære opp elevar i mjølking og stell av dyr i fjøset under fjøsvekene. Ho meiner at ei utdanning i økologisk landbruk lærer deg å spilla på lag med naturen og driva gard på ein måte som er sunnare for både planter, dyr og folk. Om SJH seier Hannah:

Vi som jobbar på SJH har eit stort engasjement og brenn for det vi underviser i. Og skulen ligg fantastisk til med kort veg til både fjord og fjell – det er så mykje å finna på her!

Janicke Hoel er utdanna agronom frå SJH i tillegg til barnevernspedagog, lærar og køyreinstruktør for hest. Utanom jobb, familie og oppvask brukar ho tida si på friluftsliv, jakt, riding, skigåing, fotballspeling, gardsarbeid, idrettslaget og turlaget. Ho bur på eit småbruk i Flåm med islandshestar, gamalnorsk sau og høns. Janicke underviser i samfunnsfag (Vg2), gym (Vg2 og Vg3), garden som ressurs (Vg3) og hest innan yrkesfagleg fordjuping (Vg2). Ho har òg fagansvar for Inn på tunet-avdelinga ved SJH. Janicke meiner at ei utdanning i økologisk landbruk gjer deg meir sjølvhjulpen, og i stand til å bidra i dugnaden for ei berekraftig framtid. Om SJH seier Janicke:

Vi har eit inkluderande miljø med engasjerte elevar som inspirerer oss tilsette til å utvikla skulen. Skulegardsbruket er veldig variert med mange ulike produksjonar og arbeidsoppgåver. I tillegg brukar vi utmarka og fjellområda til turar, jakt og fiske.

Kristin Ryum vaks opp på ein høgdegard i Flåm med småskala og mangfaldig produksjon. Ho er utdanna veterinær og jobba privatpraktiserande som det gjennom eit tiår. Kristin har vore lærar i husdyr på SJH sidan 2003, har teke praktisk-pedagogisk utdanning ved NMBU og fag innan organisasjon og leiing. Ho er i dag pedagogisk leiar ved SJH. Kristin likar å bu i naturen på heimgarden i Flåm, kor ho held hjula i gang med litt sau og er medeigar i samdrift på geit. Kristin underviser i det meste som dreiar seg om husdyr; bygnad, funksjon, fôring, helse, oppstalling, regelverk og meir til i faga produksjon og tenesteyting (Vg2) og plante- og husdyrproduksjon (Vg3). Ho meiner økologisk landbruk handlar om å gje sitt bidrag til natur og kultur, å sjå mat og landskap i ein samanheng, og å setje store ord ut i små handlingar. Om SJH seier Kristin:

Det naturlege val for meg – kva med deg?

Marco Neven har jord- og skogbruksutdanning pluss økonomi, marknadsføring og praktisk-pedagogisk utdanning. Han jobba 20 år i landbruksforvaltinga før han byrja ved SJH i 2008. Marco har vore aktiv i landbruksrelaterte prosjekt og organisasjonar i mange år, og heime i Lærdal driv han eit småbruk med bærdyrking og pollineringsbirøkt. Ved SJH underviser han i faga forvaltning og drift (Vg2), utmark og kulturlandskap (Vg3) og litt om birøkt i plante- og husdyrproduksjon (Vg3). Marco meiner at føre-var-prinsippet og berekraft er sentrale moment i økologisk landbruk. Han synast det er gjevande å jobba med utvikling av framtidsretta matproduksjon innafor desse rammene. Om SJH seier Marco:

Læringsmiljøet og det sosiale livet på skulen har alltid vore unikt. Eg kan trygt tilrå å bruke eit par utviklingsår i lag med oss på SJH!

Marianne Skudal er utdanna allmennlærar med tilleggsutdanning i kunst og handverk, religion, og tek no mastergrad i demokratibygging. Ho har ein stor kjærleik til permakultur og studerte økologiske skulehagar på Bygdøy Kongsgård gjennom NMBU. Marianne bur i “Martastova” på SJH sitt område med dotter, schæferhund og kjøkkenhage. Når helga kjem, reiser dei til fjells på ski eller til fots. Marianne underviser i fellesfag (Vg2),  er sosiallærar på skulen, og arbeider med marknadsføring og informasjonsarbeid for SJH. I tillegg har ho undervist syriske og irakiske flyktningar, som mellom anna lærte norsk gjennom praktisk arbeid i ein syrisk kjøkkenhage på SJH. Ho meiner at vi alle kan vere med på å forandra verda til ein betre stad gjennom å byggja bruer og ta etiske og berekraftige val. Om SJH seier Marianne:

Dette er plassen du trivast! Elevane er særs engasjerte og sterke venskapsband vert danna. SJH har eit eineståande miljø med høg trivselsfaktor. Her får du nye erfaringar og fagleg innsikt som utvilsamt vil prega deg seinare i livet.

Monica Gjesdal Larsen tok agronomutdanning ved SJH frå 2004-06, og seinare praktisk-pedagogisk utdanning ved NMBU. Monica bur på Aurlandsvangen med katt og ein innhaldsrik kjøkkenhage. Ho underviser i hagebruk med fokus på grønsaker og urter innan forvaltning og drift (Vg2), produksjon og tenesteyting (Vg2) og yrkesfagleg fordjuping (Vg2). Elevane får mellom anna lære om dyrking til internatet, marknadar, restaurantar og lokale/regionale butikkar. Det er òg fokus på foredling av frø, som eit alternativ til nye genmanipuleringsteknikkar. Monica meiner at ei utdanning i økologisk landbruk gjev bevisstheit og kunnskap om ressursbruk som er berekraftig for komande generasjonar. Om SJH seier Monica:

Skulen har lang erfaring i økologisk landbruk, samstundes som vi stadig er i utvikling og søker ny kunnskap og nye impulsar. SJH er ein liten skule med elevar som er skapande og har stor vilje. Alle får moglegheit til å utvikla seg på sine fokusområde, og vi nyttar gardsbruket og naturen rundt oss som undervisningsarena. Elevane kjem med svært ulike bakgrunnar og skulen er derfor ein unikt mangfaldig institusjon i bygda!

 

Mathias Lehrmann har si utdanning frå NMBU på Ås, og har gjennom studietida vore opptatt av livet i jorda og korleis ein kan skape berekraftige landbrukssystem. Mathias har skaffa praktisk erfaring ved å arbeide på gardar i Norge, England og i sitt heimland Danmark. På SJH er han fagansvarleg for Planlegging og produksjon (Vg3) og underviser elles i emne relatert til jord og plante. Ein del av stillinga til Mathias er sat av til arbeid med hagebruk og kompostplass. Som lærar har han ambisjon om å vere eit best mogleg bindeledd mellom det som skjer i den daglege drifta på garden og teorien i klasserommet. SJH er unik på den måten at skulen har ein allsidig driven gard som ein del av klasserommet sitt. Dette gir moglegheit til å forstå og opparbeide seg ferdigheiter innanfor det store og mangfaldige fagfeltet vi kallar landbruk. Mathias trur aldri behovet for å kunne noko om dette har vore større, og verda treng folk med kompetansar og erfaringar med korleis ein kan skape ei berekraftig verd. Om SJH seier Mathias:

«Å lære seg om det levande, det som spirer og gror, gir eit fast haldepunkt og tryggleik i livet. På SJH får du moglegheit til å tileigne deg erfaringar og kunnskap som verda treng».