Temabord på framtidsverkstaden

Velkomen til framtidsverkstad laurdag 23. september! Du finn ei detaljert oversikt over temaborda under skjemaet. Du finn det også på side 2 i programmet for framtidsverkstaden nedst på sida. I skjemaet registrerer du bokstavane som høyrer til temaborda du er mest interessert i – før kl. 23.59 søndag 17. september. Bordsesjonen er berre ein del av arrangementet, og alle skal kun delta på eitt bord kvar i løpet av dagen. Merk at det truleg ikkje vil vere mogleg for alle å få fyrstevalet sitt, og at du derfor skal skrive inn fire ynske i synkande prioritet. Om du ikkje vel før fristen, vil du verte plassert på eit vilkårleg bord. Kva for eit bord du har fått plass på vert ei overrasking – namnelister kjem opp ved infoteltet på tunet dagen før. Arrangementet er lagt opp på ein slik måte at me ynskjer at du deltek heile laurdagen. Det startar presis kl. 10 og sluttar ca. 16.30. Økologisk lunsj og pausemat er inkludert.

Oversikt over temabord

(bordvertar i parentes, elever refererer)

1. Korleis samarbeide lokalt om utvikling av nyskapande foredling?

Gruppeleiar: Olav Arnar Bø, Vikja AS

a) Mjølkeforedling på SJH (Maria Ballhaus)

b) Anna foredling på SJH (Gry Tokvam)

c) Omsetning av lokalmat inkl. andelslandbruk (Bjørn Huseklepp)

d) Opent tema (Sjur Rørlien)

2. Korleis kan regionale alliansar styrkje ei berekraftig samfunnsutvikling?

Gruppeleiar: Elisabeth Veivåg Helseth, Distriktssenteret

e) Stadbasert læring/Garden som ressurs (Janicke Hoel, Ingrid Steine Bortne)

f) Aurlandsdalen (Morten Clemetsen)

g) Kompostering, biogass og nye energiløysingar (Inge H. Aarskog, Nat Mead)

h) Opent tema (Gro Nesse-Bremer)

Kun for spesielt inviterte: SAKTE (Liv Elin Olsen, Anne Karin Hatling)

3. Korleis samarbeide nasjonalt om yrkesutdanninga innan økologisk landbruk?

Gruppeleiar: Børre Solberg, OIKOS

 i) Naturbruksutdanning og fagskuleutdanning (Bjørg Fritsvold)

j) Bachelor og master innan landbruk (Therese Rudi)

k) Opent tema (Liv Marit Strupstad)

4. Korleis kan internasjonale alliansar styrkje ei berekraftig samfunnsutvikling?

Gruppeleiar: Jostein Hertwig, BERAS

 l) ERASMUS+ (Jorunn Barane)

m) Via Campesina (Siri Helle)

n) Opent tema (Lars Olav Eik, Per Stokstad)

Program for framtidsverkstaden