Skulegarden ved SJH har i alle år hatt grønsaksproduksjon levert til den lokale og regionale marknaden som sentral del av undervisinga. Sidan 1988 har produksjonen vore Debio-godkjend. Skulen har eigen gardsbutikk, og internatkjøkenet er nærast sjølvberga på grønsakene garden produserer. Det er eit mål å dyrke etter profesjonell standard med oppdatert teknologi og metodar. Dyrking etter marknadshage-prinsipp er eit satsingsområde for hagebruksavdelinga på SJH. Dette går ut på effektiv og tilpassa lett-mekanisering for allsidig produksjon på eit areal på ca. 10–15 daa.
Som elev på SJH tar ein aktivt del i produksjonen gjennom erfaringslæring knytt opp mot teori. Elevar er med på planlegging og gjennomføring gjennom heile vekstsesongen. Arealplanlegging, frøbestilling, tillaging av jordblandingar, planteoppal, jordarbeiding, såing, utplanting, radreinsking, innhausting, lagring og foredling er døme på kva du som elev vil jobbe med og lære om. Eit eige yrkesfagleg fordjupingsfag i hagebruk gjer det mogleg for elevar å spesialisere seg på dette fagfeltet.
Produksjonar:
- blomkål, brokkoli, raudkål, grønkål
- hovudkål, kålrot, salat, urter
- raudbeter, gul kepaløk, raud kepaløk, purre
- potet, graskar, rotselleri, stangselleri
Langsiktige målsettingar:
- utvikla ei driftsform basert på lett-mekanisering med moderne utstyr og reiskapar
- utvikla eit dyrkingssystem som er økologisk berekraftig, som forbetrar jordstruktur, humusinnhald og jordas fruktbarheit
- utvikla ei økologisk og økonomisk berekraftig driftsform
- væra eit utstillingsvindauge og kurssenter for yrkesutøvarar