Fagdagar – Nettverkssamlingar – Seminar

Omvisingar – Kurs – Prosjekt

Ressurssenter

Vi ynskjer alle velkomen til Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH). Her kan de få omvising på skulegardsbruket og få litt innblikk i økologisk landbruk. Vi tilbyr også ein smak av garden sine produkt. Ta gjerne kontakt!

Ressurssenteret arrangerer kurs for bønder, småskalaprodusentar og andre interesserte. Sjå aktivitetar/kurs.

Vi har òg ulike prosjekt som er knytt til økologisk landbruk og til undervisinga ved skulen. Sjå her.

Kompetansenavet vest

Lokale mat- og serveringsbedrifter kan få fagleg hjelp gjennom Kompetansenavet.

Kompetansenavet har base på Sogn Jord- og Hagebrukskule, og har aktivitetar rundt om i Hordaland og Sogn og Fjordane. Les meir…

Vellukka ystekurs i dei franske alpane

Vi har fått gode tilbakemeldingar vedkomande ystekurset som var i dei franske alpane 13.-19.03.2010. Kurslæraren var ystemeistar Eric Randu. Turleiar/tolk var Pascale Baudunnel og turleiar/referatskrivar var Ragnhild Nordbø.