04.-09.11.2019: Kurs i lokal foredling av mjølk, del 2

Velkommen til kurs i lokal foredling av mjølk, del 2

4.–9. november 2019 på Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) i Aurland!

Lærarar er Pascale Baudonnel, Maria Ballhaus og Ragnhild Nordbø som alle har solid kompetanse og lang erfaring med ysting og undervising.

Tema på kurset vert mellom anna pultost, gamalost, rømme, smør, kvit geitost, brunost, gomme, regelverk og sensorikk (sjå detaljert program lenger ned på sida).

Du treng ikkje å ha teke kurs i lokal foredling av mjølk, del 1 før du tar del 2. Du bør derimot ha teke innføringskurset i ysting eller ha tilsvarande erfaring. Ta kontakt om du er usikker!

Pensum på kurset er Ysteboka av Maria Ballhaus og Ragnhild Nordbø. Om du ikkje har boka frå før, kan du kjøpe ho i gardsbutikken på SJH når du kjem eller i forkant via Fagbokforlagets nettbutikk her. Les meir om boka her.

Påmelding til kurset gjer du her. Frist for påmelding: 7. oktober 2019

Avmelding etter 21. oktober belastast med 50 % av kursavgiften.

Pris: 6000 kr inkl. servering.

Overnatting kjem i tillegg, og du må finne dette og bestille sjølv ved hjelp av t.d. www.booking.com eller www.airbnb.com.

Spørsmål? Ta kontakt på 57 63 71 00 eller paamelding.sjh@sfj.no

Detaljert program:

Last ned (PDF, 525KB)