24.-25.10 2019: Kurs i allsidig økologisk produksjon av frukt og bær

Kurs i allsidig økologisk frukt- og bærproduksjon blir gjennomført med tre samlingar på Sogn Jord- og Hagebruksskule. Fyrste samling vert 9. og 10. april og programmet finn du nederst på denne sida. Andre samling blir 24. og 25. oktober og tredje samling blir 28. og 29. november, program kjem seinare. 

På samlingane vert det gjennomgang av grunnleggjande emne for etablering og drift av allsidig produksjon av frukt og bær når det gjeld agronomi og økonomi, marknadsføring og sal. Det vert førelesingar om jord og jordbiologi, plantefysiologi,  førebyggjande tiltak før planting og i driftsåra, sortsval og gode råd ved nyplanting av frukt- og bærfelt og stell av felta når dei er etablerte. Og vidare blir det førelesingar om marknad og marknadsmoglegheiter, økonomi og driftsplanlegging. På fyrste samling vert det mest vekt på generelle emne medan ein på samling to og tre i tillegg vil gå nærare inn på dei enkelte frukt- og bærslaga og korleis velja sortar som høver til direktekonsum og kva sortar som egnar seg til foredling. Undervegs i kurset vert det utarbeida tilpassa kursmateriell som deltakarane får med seg vidare.

Det vert lagt opp til at kvar deltakar får høve til å laga ein driftsplan for sin planlagde produksjon, med innlagt rettleiing undervegs og på samlingane. Deltakarane får difor ei førebuingsoppgåve til fyrste samling der dei skal beskrive sin gard og kva visjon dei har for den, oppgåva skal leverast inn etter fyrste samling, med rask tilbakemelding deretter. Etter gjennomgang av enkle prinsipp for driftsplanlegging på samling to blir det ei ny innlevering i november og ei endeleg innlevering i desember.

Bakgrunnen for kurstilbodet
Det er ei veksande interesse blant forbrukarane for norskprodusert økologisk frukt og bær. Vår kontakt med næringa tilseier at det er ein udekka etterspurnad etter lokalprodusert frukt- og bær og foredlingsprodukt av frukt/bær med tanke på lokalt sal til private eller lokale serveringsstader. Mangel på kunnskap og fagnettverk er ein av fleire grunnar til at det er få som har våga å satsa. Vi ser også behov for kunnskap om sjølv å kunne videreforedle råvarene til produkt som ein kan selje lokalt.

Prisar

Deltakaravgift på 1. samling er kr 1000 inkl. kaffi/te og måltid utanom frukost.

Deltakaravgift på 2. samling er kr 1500 inkl. kaffi/te og måltid utanom frukost.

Deltakaravgift på 3. samling er kr 1500 inkl. kaffi/te og måltid utanom frukost.

Påmelding

Påmelding gjer du via denne lenka.

Overnatting                                                                                                                                 

Det er plass til nokre på internatet på SJH til kr 570,- per natt inkl. frukost,
ta  ev. kontakt på 57 63 71 00 eller e-post: sjh@sfj.no

På Aurlandsvangen er både Vangsgården Gjestgiveri og Aurland Fjordhotell opne. Lunde Camping – skulen sin nabo i aust er open frå 1. april.

Spørsmål kan rettast til kursleiar:

Bjørg Fritsvold, e-post: bjorg.fritsvold@sfj.no, tlf 958 48 870

Program for fyrste samling:

Last ned (PDF, 751KB)