26.02-05.03 2019: Kurs i lokal foredling av mjølk, del 1

Publisert 17/10/2018 i Aktivitetar - Kommentarer er skrudd av for 26.02-05.03 2019: Kurs i lokal foredling av mjølk, del 1

Velkommen til kurs i lokal foredling av mjølk, del 1

26. februar til 5. mars 2019 på Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) i Aurland!

Lærarar er Pascale Baudonnel og Ragnhild Nordbø som begge har solid kompetanse og lang erfaring med ysting og undervising.

Du bør ha teke innføringskurset i ysting eller ha tilsvarande erfaring for å vere med. Ta kontakt om du er usikker!

Pensum på kurset er Ysteboka av Maria Ballhaus og Ragnhild Nordbø. Om du ikkje har boka frå før, kan du kjøpe ho i gardsbutikken på SJH når du kjem eller i forkant via Fagbokforlagets nettbutikk her. Les meir om boka her.

Pris: 8000 kr inkl. servering. Overnatting kjem i tillegg. Sjå prisar for overnatting her.

Spørsmål? Ta kontakt på 57 63 71 00 eller paamelding.sjh@sfj.no

Påmelding til kurset gjer du her –gi beskjed i kommentarfeltet om du ynskjer å booke overnatting på skulen sitt internat eller ikkje. Frist for påmelding: 29. januar 2019

Avmelding etter 12. februar belastast med 50 % av kursavgiften.

Detaljert program:

Last ned (PDF, 642KB)