05.-10.11. Kurs i lokal foredling av mjølk, del 2

Publisert 13/05/2018 i Aktivitetar - Kommentarer er skrudd av for 05.-10.11. Kurs i lokal foredling av mjølk, del 2

Velkommen til kurs i lokal foredling av mjølk, del 2

5.-10. november 2018 på Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) i Aurland!

Lærarar er Pascale Baudonnel, Maria Ballhaus og Ragnhild Nordbø som alle har solid kompetanse og lang erfaring med ysting og undervising.

Tema på kurset vert mellom anna pultost, gamalost, rømme, smør, kvit geitost, brunost, gomme, regelverk og sensorikk (sjå detaljert program lenger ned på sida).

Du treng ikkje å ha teke kurs i lokal foredling av mjølk, del 1 før du tar del 2. Du bør derimot ha teke innføringskurset i ysting eller ha tilsvarande erfaring. Ta kontakt om du er usikker!

Pensum på kurset er Ysteboka av Maria Ballhaus og Ragnhild Nordbø. Om du ikkje har boka frå før, kan du kjøpe ho i gardsbutikken på SJH når du kjem eller i forkant via Fagbokforlagets nettbutikk her. Les meir om boka her.

Påmelding til kurset gjer du her – gi beskjed i kommentarfeltet om du ynskjer å booke overnatting på skulen sitt internat eller ikkje.

Pris: 6000 kr

Spørsmål? Ta kontakt på 57 63 71 00 eller paamelding.sjh@sfj.no

Detaljert program:

Last ned (PDF, 526KB)