Vellykka lansering av ysteboka

Publisert 16/02/2018 i Aktuelt - Kommentarer er skrudd av for Vellykka lansering av ysteboka

Søndag 11. februar vart boka Ysting av Ragnhild Nordbø og Maria Ballhaus lansert på det lokale bakeriet i Aurland med høgtlesing, ostebuffé og musikk frå spelemannslaget. Dette er den fyrste og einaste læraboka i Skandinavia om tradisjonell handverksysting! Boka er resultatet av eit prosjekt på ressurssenteret ved SJH, der begge forfattarane er lærarar på kurs i mjølkeforedling. Boka rettar seg mot erfarne ystarar, og dei som vurderer å drive profesjonelt med ysting og treng opplæring.

Les meir om boka og kor du kan kjøpe ho her.

Det unike prosjektet vart støtta av Aurland Naturfond, Aurland kommune, Aurland Sparebank, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Kompetansenettverk lokalmat, Kompetanseutviklingsprogrammet i landbruket, Norsk Gardsost, Sogn og Fjordane fylkeskommune og TINE. Tusen takk til alle!

Les kva lokalavisa Porten skreiv om lanseringa her.

Hagebrukslærar Monica Gjesdal Larsen tok bilete under boksleppfesten – klikk for å sjå større utgåve!