Seminar og bokslepp 11. februar

Endeleg kjem boka mange har venta på! Ysting er ei lærebok i handverksysting. Ho tek for seg ysting heilt frå nybyrjarnivå, men inneheld mange detaljar og tips som er nyttige òg for erfarne ystarar. Søndag 11. februar markerer vi utgjevinga med eit spennande seminar om samarbeid og utvikling i familiebedrifta – og ikkje minst med boksleppfest på kvelden! Les meir om boka her.

Under kan du sjå informasjon om seminaret og boksleppfesten. Du kan laste ned plakaten her.

Meir info om innhaldet i seminaret finn du her.

Velkomen!