Grunnkurs i pollineringsretta birøkt

Publisert 08/02/2017 i Aktuelt - Kommentarer er skrudd av for Grunnkurs i pollineringsretta birøkt

Samlingsbasert grunnkurs i pollineringsretta birøkt 22.-23. april, 3.-4. juni og 2.-3. september.

Kurset gir grunnleggande kunnskap om birøkt og om korleis pollinering av frukt og bær kan gå inn som ein viktig del av eit driftsopplegg.  Kurset er delt i 3 samlingar à 2 dagar, med både praktiske øvingar og teori. Det er viktig at alle deltek på alle samlingane.

Marco Neven er lærar på kurset. Marco er til dagleg lærar ved Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland og driv i tillegg føretaket SOGNEBIA. SOGNEBIA har i mange år mellom anna drive med birøkt i Lærdal og har lang erfaring med utleige av bikubar til pollinering.

PROGRAM: (3 samlingar i 2017)

Målgrupper:

1) Etablerte birøktarar som vil starta med utleige av bikuber for pollinering

2) Frukt- og bærprodusentar som vil starta med birøkt for å betra eigen produksjon

3) Andre som vil starta birøkt knytt til frukt- og bærdyrking

Deltakaravgift:  kr 6.900,- inkludert kurskompendium, servering og rådgjeving mellom samlingane.

Kursstad: Sogn Jord- og Hagebruksskule (Aurland) med praksis hjå «Sognebia» (Lærdal)

Påmeldingsfrist: 15. mars 2017 til paamelding.sjh@sfj.no eller til tlf. 57 63 71 00 (Maks 20 deltakarar) eller via skjema her.