Vinterlesning? Mathåndverk!

Publisert 14/12/2016 i Aktuelt - Kommentarer er skrudd av for Vinterlesning? Mathåndverk!

Kompetansenettverk Lokalmat har i haust lansert fyrste utgåve av fagbladet Mathåndverk. Ambisjonen er å levere matfagleg kompetanse til godt etablerte og nyoppstarta matprodusentar. Redaksjonen lover stoff i fleire genrar – både søtt, salt, balansert og syrlig, ja endåtil beiskt!

Her kan du lese heile bladet på nett, eller laste det ned til utskriving.

Lurer du på kva Kompetansenettverket er?

Noreg er delt inn i fem Kompetansenav som saman utgjer Kompetansenettverk Lokalmat. Dei skal bistå lokale mat- og serveringsbedrifter. Kompetansenava utarbeider tilbod som kurs, seminar, nettverk, studieturar, hospitering og gir oppfølging med fagpersonar gjennom besøksordninga. Arbeidsområdet til Kompetansenavet Vest er Hordaland og Sogn og Fjordane. Kompetansenavet Vest har base på Sogn Jord- og Hagebrukskule, men har aktivitetar rundt om i begge fylka.

Her kan du lese meir.