22.-23.10. Grunnkurs i foredling – “Frå rått til flott”, Førde

Lokal mat og smak vil alle ha, korleis får vi så til å differensiere oss og tilby det vesle ekstra? Kva med ketchupen på Bondens marked – klarer vi å byte ut den med ein lokal variant? På dette kurset skal vi freiste å starte frå botnen av og gi deg eit knippe grunnkurs slik at du vert i stand til å ta ut råvara sitt sanne potensial. Du skal få med deg kunnskap som gjer deg i stand til å forføre dine gjester enten det er i gardsrestauranten, midt i byen, i strandkanten eller ute på ein fjelltopp. Du skal få oppleve sjølv, sanse og smake. La deg inspirere og få arbeide med grunnleggande teknikkar i så vel partering som mikrobiologiske prosessar når økologiske grønsaker rett frå åkeren skal i salt og på glas til fermentering.

Dette kurset er for deg som nett har starta opp, har planar med å starte eller treng eit lite sidesteg i kvardagen for å friske opp gamal kunnskap. Det vert tilbod om å gå gjennom to kurs i løpet av dei to dagane, du vel sjølv kurs kva kurs du vil sette saman.

For meir informasjon og påmelding:
http://kortmat.no/2016-foredling/