17.-22.09. Studietur til Cheese 2015, Bra, Italia

logo cheese 2015Dette vert 10. gongen at ystarar frå heile verda inntar den vesle byen Bra nord i Italia for festival, utstilling, sal, konferansar, smaking og feiring av mangfaldet av ostar på verdsbasis. Tema i år er produkt frå sjøre økosystem i fjella og spesialt fokus på Spania, meir enn Manchego.

Turen vert arrangert av Kompetansenavet Vest i samarbeid med Norsk Gardsost. Brimost frå Sogn vil ha utstilling i Presidiumgata. Vi skal overnatte på agrohotel i Roero, 20 min nord for Bra og 2 timar frå Milan og Torino. Området ligg i hjarte av Piemonte. Programmet startar fredag morgon med utflukt, vi vekslar på utflukter/gardsbesøk og program inne på festivalen. Måndag 21 reiser vi inn til Milano og tek med oss Expo 2015 som har tema mat i år.

Tolk og turleiarar: Martin H. Inderhaug og Aud Slettehaug.

Last ned (PDF, 529KB)

Lenke til påmeldingsskjema.

Lenke til program for workshop under Cheese 2015.