17.-20.06. “EcoPreneurship” i Aurland

Last ned (PDF, 1.38MB)

Våren 2013 søkte Norges Miljø- og Biovitenskaplige Universitet (NMBU v/Aksel Hugo) i samarbeid med Ressurssenteret på Sogn Jord- og Hagebrukskule (SJH v/Jorunn Barane) midlar frå utdanningsdepartementet til eit forprosjekt i «Stadbasert sosialt entreprenørskap». Søknaden vart innvilga hausten 2013. Eit av måla i prosjektet var studie-/fagtur til Ruskin Mill Education Trust, og den vart gjennomført i november 2013 med 6 deltakarar frå Aurland kommune/SJH/NMBU.
Samlinga 17.-20. juni 2014 (veke 25) vil bli kombinert med møte i EU-prosjektet «EcoPreneurship» der SJH er partnar i samarbeid med NMBU og Aurland Naturverkstad. Dette prosjektet har som mål å ha utvikla internasjonale modular i «Stadbasert læring og entreprenørskap » under namnet «EcoPreneurship» i løpet av 2015.

Målet med denne felles samlinga ererfaringsutveksling og hospitering av «workshop»-leiarar frå Ruskin Mill til Nærøyfjordområdet (www.naroyfjorden.no). Og spørsmåla er:ved Ruskin Mill Collage hausten 2011

  • Korleis kan metoden frå England og Ruskin Mill forankrast på vår stad med våre ressursar og vår eigenart?
  • Korleis kan desse metodane integrerast i våre planar for stadbasert berekraftig læring i Nærøyfjord-området?
  • Kan desse metodane kombinerast og utviklast under tittelen «EcoPreneurship»?

Påmelding:
til Jorunn Barane, epost: jorunn.barane@sfj.no eller tlf.0047 97 00 59 51, innan 26. mai 2014

Kostnader:
Det er gratis å delta på samlinga, men deltakarane må sjølve betala for måltider og overnatting.

Last ned (PDF, 291KB)