05.-06.04. Pollineringsretta birøkt, 1. samling

[påmeldingsskjema]

Ny invitasjon til kurs i pollineringsretta birøkt!

Vi beklagar at invitasjon til kurset i “Pollineringsretta birøkt” har gått ut med feil pris !
Ny pris er kr 6.000,- for 3 samlingar; dette inkluderer kurskompendium og læreboka “Ingar`sis Birøkt”, servering på alle samlingane og  rådgjeving ved Marco Neven mellom samlingane. Dersom du har boka frå før gir vi eit fråtrekk i kursavgifta på kr 350,-.

Praktiske opplysningar: Gjennomføring av kurset vil vere på Sogn Jord- og Hagebruksskule og med praksis hjå SOGNEBIA i Lærdal.

Innkvartering : for dei som ynskjer billig overnatting på Internatet på SJH  er prisen 450, – pr natt. Andre overnattingsmuligheiter i Aurland er:  Vangsgården (tlf 576 33580), Aurland Fjordhotell (tlf 576 33305) eller Lunde Camping (tlf 911 18 133).

  • Kurset vil tilsvara trinn 1: «Grunnkurs i birøkt» i Norges Birøktarlag sitt Kompetanseutviklingsprogram
  • Det vil bli lagt opp til at deltakarane får tilgang til kurslitteratur som må studerast på førehand
  • Deltakarane får gratis medlemskap i Norges Birøktarlag ut 2014 , inkludert  medlemsbladet birøktaren
  • Nye birøktarar får tilbod om å kjøpa verneutstyr og litt materiell til redusert pris (20% rabatt ) gjennom Honningsentralen SA og ditt lokale Birøktarlag vil hjelpa med å skaffa biesamfunn til oppstarten som birøktar

Påmeldingsfrist: 25. februar 2014

Last ned (PDF, 340KB)