Nytt prosjekt : Pollineringsretta birøkt

bieAlle produsentar av frukt og bær har nytte av bier. I dag er det for få birøktarar til at vi dekker den store «frukthagen Sogn og Fjordane» og vi har eit stort unytta potensiale for auke i avlingar og betre økonomien. Prosjektet «Pollineringsretta Birøkt» er ei pilotsating for å få fleire i gang, og målet er å utdanna 15 nye røktarar pr. år i tre år framover. Prosjektet er utvikla i samarbeid med Norsk Landbruksrådgjeving Sogn og Fjordane, Sognebia AS (Marco Neven) og Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) ved Ressurssenteret.

Pilotkurs:
Prosjektet skal utvikla eit kurs for å gi dyrkarar og andre interesserte innføring i korleis pollinering av frukt og bær kan gå inn i driftsplanar for dyrking av frukt og bær. På denne måten vil dyrkarane fremje både kvalitet og kvantitet i produksjonen.

Kursplan 2014:
1. samling 5.-6. april
2. samling 7.-8. juni
3. samling 30.-31. august

Tema på kurset:
-stell og drift av bikuben gjennom året
-biologi og birøkt, biehelse
-regelverk KSL og HMS
-utstyr og økonomi
-pollineringsbiologi og plassering av bikuber

For påmelding og meir informasjon sjå her.