13.03. og 26.03. Inn på tunet-kurs: Kvalitet og tryggleik

Kursopplegg vår 2013
Onsdag 13.mars og tysdag 26. mars, Sogn Jord- og Hagebrukskule, Aurland.
Påmeldingsfrist måndag 4. mars 2013.
Kurspris: kr 3.000,-

Målet med kurset:

  • Få god kjennskap til heilskap og samanhengar i kvalitetssystemet for Inn på tunet
  • Få betre forståing for arbeid med kvalitet og HMS
  • Kunne bygge opp og bruke eige kvalitetssystem som dokumentasjons- og forbetringsverktøy
  • Bli betre på eigenrevisjon, avdekke avvik, risikovurdering og utarbeiding av tiltaksplan i tråd med KSL sine krav til IPT
  • Betre kjennskap til etiske utfordringar ved eige tilbod
  • Kunne vurdere si eiga rolle i tilbodet

Kurset går over to dagar på dagtid.