18.-19.10. Emballasje til ost – kurs med Philippe Beyssier, Brodart Packaging

Norsk Gardsost i samarbeid med Kompetansenavet Vest og Matnavet i Midt-Norge inviterer til fordjupingskurs i emballering av ost.

Pascale Baudonnel har vore i Frankrike og fått ein avtale med ein av teknikarane hjå Brodart Packaging, Philippe Beyssier. Brodart er spesialist på emballering av ost.

Tidspunkt:  18. – 19. oktober 2012
Stad:            Rica, Hell, Vernes

Påmelding: paamelding.sjh@sfj.no

Kursavgift: ingen kursavgift
deltakarane dekker utgifter til reise, lunsj, middag torsdag kveld og overnatting sjølve. Lokalmatmeny er bestilt på hotellet.

Program:

Torsdag 18. oktober:
Kl. 09.30 – velkommen, kaffi klar – meld frå dersom du får problem med å vere på plass til kl. 10.00 og vi justerer oppstarten av kurset med inn til 20 min.
Kl. 10.00 – kursstart
Kl. 12.30 – lunsj – tidspunkt kan bli endra
Kl. 13.30 – kurset fortset (med kaffipause)
Kl. 17.00 – kurset avrundar for i dag
Kl. 18.30 – Norsk Gardsosts nettverksamling med lokalmatmiddag ca. kl. 20.00

Fredag 19. oktober:
Kl. 08.30 – kursstart
Kl. 11.30 – lunsj – tidspunkt kan endrast

På kurset kan deltakarane få presentert ulike emballasjekvalitetar til ost og få hjelp til å fylle ut eit dokument som kan sikra dei optimal emballasjekvalitet til deira ost, både modningsemballasje og salsemballasje.
Ta med den aktuelle osten på kurset. Sørg også for analysetal for osten som de søker optimal emballasje for: tørrstoff % og feit % ved emballeringstidspunktet. Ta også med loggboka/produksjonsskjema for osten og den emballasjen du brukar i dag, både den du er fornøgd med og den som ikkje fungerer.  Etter kurset vil Brodart sende papir til utprøving for kvar utfyllt skjema/ ostetype.

Då håpar vi så mange som mulig melder si interesse for dette så snart som mogeleg til påmeldingseposten for dette: paamelding.sjh@sfj.no
Spørsmål kan rettast til Rita Natvig tlf. 74170446 eller Aud Slettehaug tlf. 47375739. Norsk Gardsost kan også svare på spørsmål.

Norsk Gardsost ynskjer velkommen til oppstart av det dei håpar kan bli ei årleg nettverkssamling for ystarar der ein kan lære av kvarandre og utveksle erfaring eller rett og slett samarbeide på ulike områder. Ca. kl. 18.00 torsdag kveld samlast vi til første møte og tek då mål av å finne ei form på ei slik nettverkssamling. Velkommen også om du ikkje vil delta på sjølve kurset!