Andre samling i Lærdal i “stadbasert entreprenørskap og læring”

OLYMPUS DIGITAL CAMERADet gamle bedehuset på Lærdalsøyri er smakfullt og egnar seg godt som kurslokale, 24 deltakarar var på plass då andre samlinga i pilotkurset “Stadbasert entreprenørskap og læring” byrja fredag 7. september 2012.

Samlinga starta med omvising på Gjesme-galleriet. Kva er det kunsten fortel oss om samspelet mellom landskap og folk det nære og det fjerne? Rammer for utviklingsprosjekta vart lagt og dei ulike gruppene fekk presentert sine prosjekter både samla og enkeltvis. Frå Strøymøy gard i Sveio fekk vi høyra om strategiar for samarbeid og pedagogisk opplegg mellom tilbydar og kommune. Seinare vart det metode for stadbasert analyse , gruppearbeid med kaffe og urtete.

Korleis får ein prosjekta til å finne stad? Ved å knytte dei til landskapsanalysen vi tidlegare hadde gjort og slik skriv seg inn i staden og historia.

Festmiddag på kvelden med forteljing og skrøne-historier av lokale aktørar. Vi avslutta med ungdomskraft og kulturelt entreprenørskap samt planlegging, vidareføring  av prosjektarbeidet mot tredje og siste samling i Aurland den 9. til 11. november 2012.