06.07. Omvising på SJH

Den 6. juli ynskjer me alle velkomne til omvising på Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH).
Omvisingane blir kl. 16.00 og kl. 17.30.

Seinare på kvelden denne dagen blir det konsert med STAUT på uteområdet til skulen.

Oikost Vest, Økoringen Vest og SJH inviterer òg til Økologisk sommarsamling på SJH same helga; 6.-8. juli 2012.
Det vert høve til å få kjøpt seg Økofrukost kl. 08.30 – kl. 10.00 på SJH den 7. juli.  Den årlege Aurlandsmarknaden vert òg arrangert denne dagen.