Første kurshelga i “stadbasert entreprenørskap og læring”

steinmuring1Fredag 13. april til søndag 15. april vart første samlinga i kurset “Stadbasert entrepenørskap og læring” halde i Fresvik:  Bygda med møteplasser frå Bre til Fjord!

Liv Hatleli v/Frøys Hus tok oss imot med varm graskarsuppe frå eigen produksjon, og deltakarane var så klare til å knyta nye band gjennom stadbaserte aktivitetar og utvikling.

Bakgrunn for deltaking, motivasjon og tankar om utviklingsprosjekt vart presentert, og på kvelden har vi fagleg og sosialt fjordnær «oppmjuking» i badestampar på Sjøstigen.

Laurdagen var vi på skattejakt i bygda.  Vi “jakta” på å finna staden sine ressursane og korleis desse kan brukast i verdiskaping.  Ein aktiv dag med steinmuring og oppgåveanalyse.

Om kvelden var det bygdefest med lokale innslag, allsong,  god mat og forteljing. Søndagen arbeidde vi med å utforme dei stadbaserte oppgåvene i grupper og deltakarane fekk  i “heimelekse” å utdjupe både mål og visjonar med sine utviklingsprosjekt.

Neste kurssamling vert i Lærdal 7.-9. september 2012; me gler oss alt til å møtast igjen!