Grip Sjansen – igjen !

Det er klart for eit nytt kurs i satsingsprosjektet GRIP SJANSEN – SATS PÅ FRUKT OG BÆR! Eit fylkeskommunalt finansiert prosjekt som har sprunge ut av Arena frukt og bær, og er leia av Njøs Næringsutvikling. Føremålet er rekruttering til frukt- og bærdyrkinga, gjennom å gje smakebitar av kva dette er og kva mogelegheiter som finst innan frukt og bær.

Første kurs var på Sogn Jord – og Hagebruksskule i Aurland i februar og samla 27 deltakarar frå Nordfjord og Sogn. Viser til tidlegare reportasje frå dette i Sogn Avis. Denne gongen håpar vi å få med endå fleire ”unge og lovande” og som har lyst å satsa! Du treng heller ikkje å ha vore med på forrige kurs for å bli med på del 2 !

Kurset blir 30. mars 2012, på Ciderhuset i Balestrand. Kurs 2 er ei vidareføring av forrige kurs, men tema går framleis på grunnleggande kunnskap om frukt og bærdyrking. Denne gongen skal me også ta med litt om vidareforedling av frukt og bær, og kva potensiale som ligg i det; Ciderhuset og Balholm er gode føredøme på kva som er mogeleg å få til. Vi skal lære meir om plantefysiologi i frukt og bær, og også pollinering og fruktsetting og korleis det har innverknad på avlingar og økonomi. Skal du få eit godt resultat i frukt- og bærhagen må du forstå plantene og kva stell dei treng for å produsera store avlingar av høg kvalitet.  Vi får ei orientering om Balholm si satsing på produksjon av eplemost og om satsinga på nye produkt, opplevingar og servering i Ciderhuset.

Me skal også gå gjennom kva som er viktig når du skal velja plantemateriale til nyplanting. Kva sortar det er verd å satsa på, kva som er etterspurd i marknaden og ikkje  minst kvar vi får tak i godt plantemateriale. Vi får høyre litt om den offensive satsinga m.a. på samdrifter innan frukt og bær i Balestrand ved Jon Asbjørn Målsnes som både er dyrkar, fruktlagerstyrar og ikkje minst pådrivar for å få fleire til å satsa.

«Grip sjansen» er eit prosjektsamarbeid med Njøs Næringsutvikling, Landbruksrådgjevinga (NLR), Sogn Jord- og Hagebruksskule, frukt- og bærmottaka i Sogn og Fjordane og er eit ”spinoffprosjekt” frå Arena Frukt og Bær. Prosjektet ønskjer å gje deltakarane innsikt i frukt- og bærnæringa, inspirera til å byrja og bygga nettverk for unge dyrkarar som vil satsa. Nettverksbygging og sosialt samver er også viktig, og vi skal ha det kjekt på samlingane og turane det blir lagt opp til. Dette vil vi også synleggjera for andre både gjennom eiga Facebook gruppe i prosjektet, rekrutteringsstands på ulike messer/samlingar og ulike former for profilering. Og kven veit, kanskje får deltakarne ei lita overrasking på kurset også…