26.-28.05. Kurs i steinmuring

Kurset er eit samarbeid mellom Stigen gard , Statens Naturoppsyn og Nærøyfjorden Verdsarvpark.  Kurset er eit ledd i arbeidet med å restaurere den gamle driftsbygningen på Stigen. Deltakarane vil få innføring i restaurering av steinmurar og få arbeide praktisk med muring under kyndig rettleiing ved kursinstruktør Haakon Aase.

Målgruppe:
Alle med interesse for restaurering av steinmurar. Kurset førutset at du er i god fysisk form da turen frå sjøen og opp til Stigen går på en bratt og luftig sti; 300 m stigning.

Deltakaravgift:
kr 3000,-  (inkl. overnatting, badestamp og måltider)

Påmelding til:
post@stigengard.no innan 10. mai 2011 (ny frist)