23.03. Pølsekurs på Bergsdalstunet, Dalekvam

Velkomen til pølsekurs 23. mars 2011

Kursstad:     Bergsdalstunet, Dalekvam    (NB ikkje på Voss)
Kurslærar:   Rune Bønes
Kursdato:    23. mars 2011; kl. 10.00 – kl. 17.00
Kursavgift:   kr 900,-

Vi skal ordne med transport til/frå Dale for dei som treng det. Gi melding til Aud Slettehaug: aud.slettehaug@sfj.no om du treng dette.

Målsetting med kurset:
Eit grunnkurs om pølser, enkle metodar for å lage eigne pølser både tradisjonelle og variantar i tida.
Praktisk kurs:  ta med forkle, innesko, hovudplagg.

Innhald:
Grove pølser – korv, dampepølse, speking
Grillpølser, lammepølser og biffpølser.
Grunnoppskrifter, ulike farsar, smaksetting.
Bruk av ulike naturtarm og slyning.
Vi smakar og diskuterar – ulike behov kan takast opp etter kvart i kurset. 

Om staden:
Vi enda opp med å ha kurset i Bergsdalstunet. Her lagar dei pølser og foredlar råvarer i liten skala. Dei har ein del utstyr som vi kan diskutere rundt. Vi trur dette vil vere ein god stad for å vise eit produksjonskjøkken i liten skala.  Bergsdalstunet fortel litt om seg sjølve og dei val dei har gjort.

Rune Bønes
Rune Bønes driv eit lite gardsbruk i Bergen kommune. Har bygd opp Bønes Gardsmat. Vareutvalet omfattar eit bredt spekter av ulike varer, med pølser, pålegg, spekemat og middagsmat som dei viktigaste. Han har mange medaljar frå fleire høve for produkta sine. 

Kurset er eit samarbeid mellom Kompetansenavet Vest og  Vestnorsk Kulturakademi. Vi hadde planar om eit større kjøtseminar i samband med kurset, men dette fekk vi ikkje til i denne omgang. Kurset har difor vorte flytta på fleire gonger og dette beklagar vi. Det var for mange store arrangement denne vinteren som attraktive foredragshaldarar måtte prioritere. Men vi forsøker igjen på eit seinare tidspunkt.

Du vil lære basisoppskrifter på tradisjonspølser. Velegna til bruk ved tradisjonsmåltid som raspekaker, tradisjonsmiddag osv. Ei kvar serveringsbedrift kan lage eigne pølser med enkelt utstyr. Kurset har fokus på råvarer og tradisjonar frå området. 

Påmelding til:
paamelding.sjh@sfj.no / tlf. 57 63 26 50
(ressurssenteret ved SJH)