Vel avvikla “Snøgg samtaledag” i Sogndal

Kompetansenavet Vest arrangerte “Snøgg samtaledag” i Sogndal tysdag 25. januar. 
Tilbydarar / ressursar som Innovasjon Norge, Mattilsynet, FMLA, Fylkeskommunen i S&Fj. m.fl. var møtt opp på Gjensidigeromet på Fosshaugane Campus denne dagen, og bedrifter som lagar mat, drikke og matspesialitetar fekk høve til å møta alle på same stad/tid.  Tilbydarane fekk høve til å informera om kva dei kan hjelpa til med og bedriftene fekk stilla desse spørsmål om utfordringar i bedrifta m.m.

Snøgg samtalane starta etter ei felles opning med presentasjonar frå nokon av tilbydarane. 
Kvar bedrift fekk omlag 15 min. samtale/rådgiving med kvar tilbydar. 
Aud Slettehaug ved Kompetansenavet Vest styrde rulleringa mellom borda med stø hand, og praten gjekk livleg rundt borda.
30 personar (bedrifter og tilbydarar) deltok på Snøgg samtaledagen i Sogndal.