Vel avvikla kurs i mjølkeforedling (del 1)

Ressurssenteret på Sogn Jord- og Hagebruksskule arrangert 03.-11.11.2010 kurs i Lokal foredling og omsetning av mjølk, del 1.
Etter ni dagar med kurs; teori og praksis ved Pascale Baudonnel og Ragnhild Nordbø; reiste dei 7 kursdeltakarane godt fornøgde heim att til “sitt og sine”.  I februar kjem dei attende til Aurland for å ta kursets del 2 og del 3 (omsetning av lokale produkt).