Triveleg besøk av 4-åringar frå Øvre Årdal

Alle 4-åringane i barnehagene i Øvre Årdal var på besøk på Sogn Jord- og Hagebruksskule 11. mai 2010.

Borna fekk helsa på dyra på garden og alle fekk seg ein liten rundtur på garden med hest og vogn.

Grilling av pølser og frileik fekk dei òg tid til før heimreisa.

Me takkar for besøket og ynskjer dei velkomen attende !