GULL, SØLV og BRONSE til gardsost frå Sogn Jord- og Hagebruksskule

6 medaljar gjekk til Sogn og Fjordane på Landsutstillinga for Gardsost som gjekk av stabelen i Trøndelag på Mære landbrukskule, og 3 av desse medaljane gjekk til Sogn Jord- og Hagebruksskule

Her er link til ein billedserie frå Landsutstillinga for gardsost 2009 / Mat på Mære 2009. (Her er det bilde av Linda Eide og Maria Ballhaus, Pascale Baudonnel m.fl.)

På landsutstillinga for gardsost vart det utstilt 140 ulike typar gardsost i frå heile Norge. Det vart delt ut 15 gullmedaljar, 20 sølvmedaljar og 24 bronsemedaljar. 6 av desse medaljane kom til Sogn og Fjordane og Aurland.