Dei fleste elevane ved skulen bur på internatet. Dette gjev grunnlag for eit levande miljø både om kveldane og i helgane. Elles er det rikt høve til fritidsaktivitetar både på skulen og i bygda elles.
Tilbod på skulen
- Elevane kan få bruke verkstadane på skulen i fritida etter nærare avtale. Her kan dei drive med tre-, ull-, skinn- eller metallarbeid.
- Ridebane og skulehestar.
- Skulen har robåt og to kajakkar som kan nyttast av elevar og tilsette etter avtale med ansvarleg.
- Elevane får disponere eit areal der dei i fellesskap kan dyrke sine eigne grønsaker i fritida.
- Elevane kan etter avtale få låne ei hytte som skulen har i Rasmusdalen – i fjellet mellom Aurland og Hallingdal.
- Elevkveldar og reine dansekveldar kjem i stand på elevane sitt initiativ. Dette er noko som skulen ser positivt på og vil leggje til rette for.
Les meir om kva som skjer elles i Aurland her.