Ressurssenter

Ressurssenteret ved Sogn Jord- og Hagebruksskule tek seg av kurs, besøk og prosjekt utanom ordinær undervising.

Kurs

Ressurssenteret arrangerer kortare og lengre kurs for bønder, småskalaprodusentar og andre interesserte. Mjølkeforedling, birøkt, kompostering, fruktdyrking og andelslandbruk har vore tema dei siste åra. Mange av kursa er arrangert i samarbeid med Kompetansenavet Vest.

Her finn du oversikt over kommande kurs og aktivitetar.

Besøk

Vi ynskjer alle velkomen til Sogn Jord- og Hagebruksskule! Her kan de få omvising på skulegardsbruket, skreddarsydde føredrag og eit innblikk i økologisk landbruk, gjerne med ein smak av garden sine produkt. Ta kontakt med oss om de ønskjer å koma på besøk. Pris etter avtale. Landbruksskular får tilbod om ein time gratis omvising. Det er høve til å kjøpe varm lunsj på skulen, der det vert servert økologisk mat av råvarer frå skulegardsbruket.

Prisar på overnatting og måltid for gjestar finn du her.

Prosjekt

Ressurssenteret organiserer ulike prosjekt som er knytt til økologisk landbruk og til undervisninga ved skulen. I prosjektarbeidet samarbeider vi med mange andre organisasjonar som arbeider for økologisk landbruk. Prosjekta består av utviklingsprosjekt innan skulen sine satsingsområde og andre oppdrag.

Dømer på utviklingsprosjekt:

Dømer på andre oppdrag: