Karbon på rett veg

“Karbon på rett veg” er eit større FoU-prosjekt som tar utgangspunkt i vidareutvikling av kompostplassen ved SJH, og rolla SJH har som lokal og regional aktør når det gjeld karbonbinding i det nye Vestland.

SJH fekk i lag med Vik kommune, SIMAS, Aurland kommune og Njøs næringsutvikling hausten 2019 forprosjektmidlar frå Sogn og Fjordane fylkeskommune si tilskotsordning til klima- og miljøtiltak.

til å utvikle eit større regionalt pilotprosjekt. Dette prosjektet skal lage ein Vestlandsmodell for optimal karbonhandtering, der ein føyer saman tre ulike innsatsområde og aktørar i ein samla strategi:

  • Pilotanlegg gard: småskala handtering av hageavfall, kompost og biokol, SJH
  • Pilotanlegg kommune: storskala handtering av skogavfall til biokol og energi, Vik
  • Pilotanlegg avfallselskap: storskala handtering av organisk avfall frå hushald