Jordfruktbarheitsprosjektet

Agronomisk optimalisering av karbonbinding og jordfruktbarheit er eit treårig prosjekt (2017–20) finansiert gjennom forskings- og utviklingsmidlar frå Klima- og Miljøprogrammet i Landbruksdirektoratet. Ulike sider av gardsavdelinga ved SJH er involvert i ulike delar av prosjektet. Gardsstyrar Per Thunshelle er prosjektleiar. I prosjektgruppa sit Nat Mead (jord- og plantekultur), Inga Fabienne Finck (husdyr) og Aksel Hugo (rektor). Faglege samarbeidspartnarar er VitalAnalyse, Fylkesmannen i Vestland og NLR.

Målsettinga til prosjektet er å utvikle ny kunnskap og ny praksis knytt til agronomi som optimaliserer karbonbinding og jordfruktbarheit. Dette gjeld i prinsippet alle sider av gardsdrifta som påverkar kultiveringa av humusprosessane i jord. Døme på slike område er justering av mineralbalanse gjennom nye metodar (Albrecht) for jordanalyse og plantesaftanalyse, mikrobiell prosesstyring i heile gardskretslaupet gjennom ferment (fjøs, blautgjødsel, kompost og ute), optimalt tilpassa frøblandingar med tanke på humusdanning, permanent plantedekke og overflatekompostering.

Prosjektet har tre delprosjektområde:

  • Utvikling av skulegardsbruket ved SJH som pilotgard
  • Utvikling av undervisninga i jord- og plantekultur
  • Utvikling av kompetanse og kurs

Prosjektet har fokus på utvikling og tilpassing av ny agronomisk praksis. Ein nyttar aksjonsforsking som metode, der det gjennomførast tre syklar av ny planlegging, utprøving og refleksjon gjennom tre vekstsesongar. VitalAnalyse med Vibhoda Holten og Martin Beck er faglege rettleiarar, og fylgjer prosjektet over tre dyrkingssesongar, gjennom fire prosjektsamlingar før, under og etter kvart dyrkingsår.