Rekrutteringsdag for økologisk fruktproduksjon

Ein solfylt tirsdag i mars drog vi, fire elevar frå SJH, på tur til tjukkaste fruktland – Kinsarvik i Hardanger, for å vere med på Rekrutteringsdag for økologisk fruktproduksjon. Føregangsfylke økologisk frukt og bær og Landbrukets Økoløft sto bak arrangementet med støtte frå fleire lokale aktørar. Landbrukets Økoløft er eit samarbeidsprosjekt mellom fleire av dei mest sentrale aktørane i norsk landbruk som skal inspirera bønder til å drive økologisk. Og i dag var det fruktbøndene sin tur til å bli overtydd.

Tekst: Sigurd Vassenden, elev    Foto: Frøydis Lindén, Fylkesmannen i Hordaland

Det var både konvensjonelle og økologiske fruktbønder i salen, i tillegg til føredragshaldarar og andre interesserte – som oss. Først ut på programmet var fruktbøndene Rolf Tore Djønne frå Ulvik som driv med eple og noko plomme, og Lars Nå frå Nå som satsa mest på plomme med eple og morellar i tillegg. Dei fortalde om dyrkinga si og erfaringar dei har gjort seg.

Rolf Tore Djønne snakka om kor viktig det er med hygiene i feltet– han fjernar greinar og lauv frå bakken og skjer vekk og brenn alle sjuke greiner han ser. Han understreka at ein må arbeide førebyggjande for å halde smittepresset nede. Han fresar jorda inntil trea på våren, og graset som veks i mellom radene slår han og legg inntil trea som gjødsel og for å kvele ugraset. Lars Nå let graset vekse inn under trea og slår det med motorljå – det er for bratt heime hjå han til å køyre større maskinar. Eit godt døme på at fruktdyrking kan vere ein god måte å gjere bratte bakkar lønsame.

Begge sprøyta med dei midlane dei får lov til innanfor det økologiske regelverket, mellom anna kopar, svovel, olje/bakepulver og pyretrinar. Vi frå SJH var overraska over det store fokuset på sprøyting blant dei økologiske bøndene. Heime på skulen har ikkje fruktfelte vorte sprøyta på meir enn fem år, og da var det ikkje med anna enn matolje mot midd og bladlus. Lars Nå sa at det var heilt naudsynt å sprøyte hjå han for å få nok førsteklassefrukt – han treng minst 80-90% førstesortering for at det skal vere lønsamt. På skulen er nok kravet til lønsemd noko mindre.

Vi fekk òg innføring i det økologiske regelverket i høve fruktdyrking med Harald Bjørn-Larsen frå Debio, og eit innlegg om førebyggjande og direkte plantevern med Sigrid Mogan frå NLR. Ho snakka om å setje ut fuglekassar og insektshotell i frukthagen for å auke mengda nyttedyr, og å bruke feromonpreparater for å forvirre skadeinsekta.

Seinare kom Nibio på banen og fortalde om gjødsling i frukthagen, etterfølgt av to representantar frå Norgro som snakka om ulike organiske gjødselprodukt dei har i sortimentet sitt. Dagen vart runda av med eit innlegg om mekanisk ugrashandtering ved NLR, med fokus på fresing og ulike slåmaskinar.

Mellom slaga kosa vi oss med noko jordbruksstudentane held høgt – vårsol og gratis mat.

På veg heim diskuterte vi det vi hadde vore med på. Vi var fullstappa av inntrykk og kunnskap om økologisk fruktdyrking, men òg litt overraska over det store fokuset på sprøyting hjå dyrkarane. Det må finnast betre metodar, tenkte vi, sprøyting er uansett ikkje heldig. Men så lenge bonden må ha heilt perfekt utsjånad på frukta si for å få økonomien til å gå rundt, er det sånn det må vere.

Vi er i alle fall takksame for at vi fekk vere med på det inspirerande opplegget til Landbrukets Økoløft denne dagen. Ein skal ikkje sjå bort i frå at det vert økologiske fruktbønder av oss i framtida!