Grøne gartnargründerar

Birgitte og Arvid De Haes gjekk på Sogn Jord- og Hagebruksskule frå `94 til `96. Der fant dei allsidigheit, raustleik, idealisme, realisme – og kvarandre. Det til tross for at ein av dei låg som nummer 127 på ventelista og måtte kjempe til seg ein plass!

«Vi hadde 20-årsjubileum for eit par år sidan. Det var veldig hyggeleg å treffe alle igjen, også lærarane, og sjå korleis alle var heilt lik seg. Brita frå kontoret hadde framleis full oversikt over oss, og dei som alltid kom for seint da, dei kom for seint no òg..»

Birgitte og Arvid er nok ikkje så ulik seg dei heller. Allereie på SJH, da gartneriet framleis dreiv konvensjonelt, okkuperte Arvid eit hjørne i gartneriet og starta sin eigen økoproduksjon. Senga på internatet brukte han til oppal av gulrot og andre toårige vekstar til frøproduksjonsforsøk. «Det blei eit par heva augebryn da husmor skulle kontrollere rommet mitt. Enda høgare fòr dei da ho skjønte at eg hadde flytta inn hjå Birgitte! (Eg hadde jo ikkje nokon seng meir, så Birgitte meinte at eg kanskje kunne sove på rommet hennar..?)»

Etter tida på SJH har gartnarparet jobba innanfor landbruk og gartneri. Fyrst som praktikant på Skaarbu Gard, så til Lillehammer for å leggje om eit mjølkebruk til øko. Frå 97-00 var dei gardsstyrarar på Ramme Gard saman med eit anna par. Etterpå flytta dei til Tønsberg kor Arvid tok eit år på Gjennestad Gartnerskule medan Birgitte arbeida som landbruksvikar i Stokke kommune. På Gjennestad fekk Arvid meir spisskompetanse på veksthusproduksjon, noko som var avgjerande for neste skritt – å kjøpe seg eit nedlagt gartneri og småbruk i Jevnaker.

De Haes Gartneri

De Haes Gartneri blei etablert i 2002 da det framleis ikkje fanst kompetanse på økologisk veksthusproduksjon i rettleiingstenesta. «Dei fyrste åra dreiv vi konvensjonelt med bratt læringskurve! Vi hadde eit anlegg å drifte og rekningar som skulle betalast, så da var det berre å produsere det grossisten ville ha og kunne omsetje i marknaden. Slik kunne vi byggje ut – doble produksjonsarealet og investere i flisfyring til å varme opp huset og heile anlegget.» Det har frå dag ein vore viktig å leve av gartneriet, og ikkje berre for.

I 2008 kom den endelege Debio-godkjenninga. No har paret landa på ei driftsform og ein produksjon dei er nøgde med: allsidig, men òg noko til eit direktemarknad. «Rasjonell produksjon til grossist gjer (og har gjort det mogleg) å ha medarbeidarar heile året. No er vi fire-fem medarbeidarar i tillegg til oss.»

I dag er alt dei gjer økologisk. «Økologi handlar om å ta vare på livsgrunnlaget vårt og er derfor heilt avgjerande. Å drive økologisk er vårt ideal, og også langt meir interessant. Vi er overtydde om at det er framtida, og ser ingen grunn til å henge bakpå.»

I tillegg til drivhusproduksjonen har gartnarparet seks dekar med peonar til snitt, litt jordbær til stiklingar, andelslandbruk og eng til eigne dyr – to ponniar, to-tre sauar, nokre høner, kaninar og kattar. Denne sesongen skal dei i gang med oppstart og drift av hageanlegget til eit lokalt hotell med både historisk hage og ein diger kjøkenhage.

Andelslandbruk

Birgitte og Arvid starta med andelslandbruk i fjor. Det har vore ein hyggeleg og sosial erfaring med inspirerande tilbakemeldingar frå andelshavarane. «Vi ynskjer at andelslandbruket skal vere som ein stor, frodig kjøkenhage. Innbydande, til lyst og rekreasjon. Derfor har vi ikkje dugnadsplikt heller. Vi inviterer heller til workshops rundt dei ulike arbeidsoppgåvene – til dømes planting, ugrashandtering og kompostering. Av og til tek vi berre ein enkel markvandring.»

Ein av dei største utfordringane er marknadsføring og det å skaffe nok andelshavarar. Det er ein stor og viktig jobb. Andelslandbruket lyt vere økonomisk berekraftig for at det skal bli berekraftig i det lange løp. Dei hadde over hundre andelshavarar første året og håper på enda fleire i år.

De Haes følgjer dei tre grunnprinsippa til andelslandbruk: dialog, gjennomsiktig økonomi og delt avling. Styret har jamlege møter, medan budsjett og avgjerder bestemmast på årsmøtet. Potetane tar dei opp i fellesskap og elles haustar andelshavarane sjølv til eiget forbruk. «Vi var usikre på korleis det ville gå med fri tilgang til åkeren før vi starta opp, men det har fungert glimrande!»

Korleis byggjer man ein bedrift som De Haes?

«Det er det klassiske man høyrer frå dei som har starta opp ein bedrift. – Du må jobbe beinhardt og ha trua på planen din og det du driv med. Hard jobbing for lite eller ingen pengar. Læringskurva er ekstremt bratt. Så skjønner man til slutt at det andre klarer, det er det ikkje noko i vegen for at ikkje vi òg kan klare – og kanskje til og med litt betre?

Man må tørre å stase, elles er det lett å bli ståande i stampe. Etter kvart tør man å tenke større økonomisk. Det er ein fordel å få bedrifta opp i en viss størrelse og ein lyt satse litt for å komme over kneika. Da blir det enklare økonomisk, og ein får større handlingsrom. Det blir artigare sånn.

Da vi kjøpte gartneriet i 2002 var vi nøydd til å bruke dei kontaktane Arvid hadde knytt på Gjennestad heilt konkret. Vi måtte be dei leggje inn eit godt ord for oss til blomstergrossisten slik at vi hadde nokon å selje plantane til.

Det er viktig med kreativitet, og å halde seg oppdatert på kva som skjer i marknaden og i
tidsskrift. Vi besøker andre kollegaer, også dei som driv konvensjonelt. Om ein er ope finst det mange dyktige folk der ute.»

Kva er dykkar beste minne frå skulen?

«At Arvid og eg blei kjærastar, det er jo gode minne! Elles tenkjer eg sjølvsagt på alle dei hyggelege lærarane, tilsette og klassekameratane vi blei kjende med. Folk som interesserer seg for akkurat det same som ein sjølv! Og alle dei forskjellige turane som sveisa klassen enda betre saman – sauesanking, prøvefiske, tur til Frønningen og turen om sommaren rundt til ulike gardar i landet. Opphaldet på Sinjarheim under sommarkurset og turen ned derfrå med alle dyra har kanskje festa seg spesielt.

Utdanninga i Aurland er framleis heilt sentral og relevant for oss. Fagleg byggjer ein jo vidare på den, menneskeleg ligg den der i fundamentet! Den allsidigheita, raustleiken, idealismen og realismen.»