Ein ode til dei fleirårige vekstane

Alt frå SJH-elevar til NOMA sine grønsaksprodusentar og prins Charles sine gartnarar har fått glede av plantekjennaren Stephen Barstow sin kunnskap og engasjement. Han har nyleg pensjonert seg frå sin «eigentlege jobb» og kan no dedikere seg fullt ut til plantar og formidling. «Eg gleder meg til 30 nye år i dette yrket,» seier han med glimt i auge. Han er for tida leiar for foreininga Norwegian Seed Savers, har skrive boka “Around The World In 80 Plants” og held føredrag med same namn. Ein fredag i mars kom han til Sogn Jord- og Hagebruksskule.

BLÅLEDDVED: Stephen fekk omvising på skulen, men kunne nok fortelje oss meir om vegetasjonen enn motsett.

Fleirårig glede

Dei fleirårige vekstane har blitt underdogs i norsk matproduksjon. Asparges, peparrot og artisjokk er nokre av dei einaste fleirårige grønsaka vi finn i norske butikkar. Eittårige vekstar passar moderne innhaustingsteknikkar, men er arbeidskrevjande og har særskilde krav til veksttid og temperatur. Nokre av plantane som var fleirårige før, til dømes grønkålen, har fått eigenskapen avla bort.

Stephen Barstow brenn for desse fleirårige vekstane, noko han har gjort heilt sidan han kom flyttande frå Skottland til Malvik, utanfor Trondheim på 80-talet. Som vegetarianar blei han heilt oppgitt over det dårlege utvalet av grønsaker i butikken og så ingen annan råd enn å dyrke dei sjølv. Overraskande nok kunne ein dyrke mange av dei same i Malvik som i heimlandet. Etter kvart fann han likesinna i Nyttevekstforeninga og las ei rekke inspirerande bøker.

Barstow henta ville vekstar frå Norge og kalde strøk i heile verda inn i sin eigen hage. Nokre er der framleis, 30 år seinare. Det til tross for at han ofte er bortreist og ikkje gjødslar noko nemneverdig. Hagen den passar seg sjølv! «Det mest produktive området ligg på nordsida av huset,» kan han fortelje. Mange av dei fleirårige vekstane han dyrkar har nemleg skyggetolande eigenskapar (skogsplanter) og kjem tidleg om våren.

Desse vekstane konkurrerer ikkje med kulturvekstane våre som gjerne veks på dei mest solfylte landbruksområda. Dei kan òg etast på vårparten i motsetning til dei fleste eittårige vekstar som ikkje er klare før på hausten. Det aukar sesongen betrakteleg. Barstow introduserte oss for omgrepet «innvåring» som han nyttar likt «innhausting». Matauk er ikkje reservert for hausten!

På grunn av dei kjølige temperaturane i starten av sesongen slepp desse vekstane unna det verste insektpresset og er meir robuste mot store klimaflukuasjoner. På vinterstid held røtene fast jorda slik at ein minkar erosjon og utvasking.

DOKUMENTERER: Ein framad løvetannsort! Dessverre skulle han til Canada og kunne ikkje ta den med seg.

Ugras som ressurs

«Kva er eigentleg ugras?» spør Barstow. Definisjonen kan kokast ned til fem ord: uønska planter som gjer skade. Oftast som konkurrent til kulturvekstane – dei hugar alle etter ljos, vatn og næring. Ugras sinker plantene og bonden, dei aukar kostnadane og senker inntektene.

Men mange av dei vekstane vi kallar ugras er næringsrike og smakfulle, ypparleg mat til både folk og fe. Reiser ein på tvers av landegrenser risikerer ein å bli overraska. Barstow kunne fortelje om dei svartelista plantane slirekne og pestrot (samt seiersøk, udo og fandens spaserstokk) som han fant i japanske matbutikkar og om marknader i Frankrike kor dei sel løvetann i bunt.

Hovudsakeleg brukast dei kaliumrike blada til løvetann i salatar, men ein kan òg bruke stilkane som nudlar, smørstekte knoppar som pizzatopping og blomane til vin. Dette er eit eksempel på korleis mat kan vere så mangt, og at matkulturen ofte er den avgrensande faktoren. Sjølv om det finst minst 50.000 spiselege plantar i verda, er det mindre enn 20 av dei som står for 90% av kaloriane vi et. Mange av dei, slik som soya og mais, er umogleg å ete lokalt for oss her i nord.

VASSARVE: Til og med drivhuset hadde nokre ville vekstar!

Åtti om dagen

Stephen Barstow sitt spøkefulle kosthaldsråd er åtti om dagen, ikkje fem. Sjølv sitt han på tittelen «Extreme Salad Man» etter å ha spist ein salat med 537 plantesortar i 2003. Dei fleste av oss har godt av meir mangfald i kosten vår, slik landbrukslandskapet òg treng eit større biologisk mangfald. Dei vanlege kulturvekstane er gjerne avla fram basert på effektivitet, jamn kvalitet og smak (sukkerinnhald), heller enn næringsinnhald. Fleirårig «ugras» kan kanskje tilby noko meir?

Det er nok mangel på kunnskap som avgrensar oss frå å nytte naturen slik som Barstow. Om ein råvare skal vere sunn og smake så godt som potensialet sitt må tillaginga vere riktig. Akkurat som ein må vite at grøne potetar inneheld solanin og at linsene skal skyljast før kokning, må ein vite at strutsevingar skal kokast i femten minuttar og at løvetannstilkane bør plukkast rett før blomstring for ikkje å vere bitre.

Uansett trengs ein nysgjerrigheit og openheit ovanfor den maten vi ennå ikkje tenkar på som mat. I framtida har vi kanskje eit større utval som i matbutikkane og marknadene i Japan og Frankrike? Eller kanskje finn vi den kunnskapen som trengs for å nytte dei fantastiske fleirårige vekstane sjølv.