Fylkets beste ungdomsbedrift i kategorien JORD-FJORD-BORD

Mjølkeringen UB ved SJH gjekk til topps i kåringa av fylkets beste ungdomsbedrift i kategorien JORD-FJORD-BORD.

Juryen hadde dette å sei om dei:

Ei bedrift som har stor kunnskap og forståing for det dei driv med. Alle er engasjert i framføringa, og har gode, gjennomførte produkt. Stort fokus på berekraft og utnytting av råvarer, samarbeid med næringsliv. Elevane har hatt ein god prosess som resultere i gode produkt i fin emballasje. Har auge for moglegheiter, er nyfikne, som vil løne seg for framtidige prosjekt.

Produkta deira er ein steikeost av geitemjølk og ein sorbet av eplesaft med tindved.

VG3 elevane deltek i ungt entreprenørskap og har i vinter starta ungdomsbedrifter (UB). Å starte ei verksemd med å utvikle ein forretningsplan er ein viktig del av faget Naturbasert næringsutvikling. Oppdraget  til dei ulike UB’ane her på SJH var å lage eit arrangement  eller utvikle produkt,  i nær tilknyting til natur-og kulturressursar.

Arrangementa er utvikla av  Hevd UB som skal halde kunstutstilling i april og Sogn Jord Himmel og Yogalag arrangerer yoga med geitekillingar.

Produksjonsverksemdene Mjølkeringen Yst og Mjølkeringen Is har vore i eit prosjekt med andre vidaregåande skular i regi av Landbruks-og matdepartementet, eit prosjekt der nyskaping  innan foredling er målet. 7.mars hadde vi Jord-fjord-bord dag på skulen med Ungt entreprenørskap som arrangør. Ungdomsbedrifter som hadde utvikla nyskapande matprodukt (med bærekraft i ryggrada) presenterte seg for ein jury i konkurransen til Jord-Fjord-Bord-pris.

Me gratulerer våre elevar med prisen og dei smakfulle gode produkta.