Handbok i «Ecopreneurship for change»  

Deltakarane frå Island, England og Norge samla på brygga i Kjerringøy etter intense arbeidsdagar.

Etter intense arbeidsdagar med opplevingar og erfaringar frå nord vart kursplanen og dokumentet omskapt til ei handbok i «ecopreneurship for change». Det vil seie at ein har dreidd frå å utvikle læreplan til kurs for lærerar til ei handbok med ei breiare målgruppe. Vi kom i mål med rammeverk (innhald og struktur) for handboka der alle partnerane skal bidra inn før siste samling som er i Wales 24-28 april 2023.

For å landa og komma inn i prosjektet i samla flokk starta vi med introduksjon til region; Nordland, og Bodø som European Capital of Culture 2024. Deretter fekk vi innblikk i samiske forteljingar som er ein viktig del av kulturen i nord. Spørsmålet var kva kan vi læra av dei og ikkje berre om dei.  Vi fekk også høyra korleis helsevesenet i Nordland har bruk dialogmetodar i møte med pasientar ofte med samisk bakgrunn, for å kunne finna den rette «medisin » i helse og livsmeistring.  Ove Jakobsen kom med to eksemplar frå kulturby 2024, som knyte ann til vårt prosjekt, det første gjaldt lokalmat og lokale marknader, nettverk og økologisk økonomi. Det andre var knytt til ein vidaregåande skule i Bodø, der VG2 som har fått godkjente fagplanar i økologisk økonomi som valfag. 

Felles forståing

Dagen etter flytta vi oss til det flotte kulturhuset Stormen i sentrum av Bodø, der vi starta på prosessen rundt handboka som skal leverast i  prosjektet. Vi arbeida målretta med felles forståing, sosial berekraft og framtid. Vidare hadde vi eit sjelsetjande innlegg om kystkulturen i nord, om korleis det er å leve og lære av havet av og med Rolf Steffensen. Der han synleggjorde på ein personleg måte forholdet mellom samisk kultur og oppdrettlaksens utfordringar både med omsyn til verdiar miljø og business. Her trengs det økologiske entreprenørar som kan arbeida ut frå ein forståingshorisont som inkludera heilskap og det levande. Hanne Lykkja frå Nordland fylkeskommune fortalte om besøksforvaltning i Lofoten og korleis dei knyt det direkte til lokalsamfunnsutvikling. Den ettermiddagen var vi på utferd til små øysamfunn i skjergarden som Helligvær, Glesvær og Landegode. 

Frå ego til øko

Onsdag den 21. september var vi på veg mot Kjerringøy handelsstad og Brygge Hotel. Først fekk vi introduksjon til økologisk entreprenørskap knyt til samfunnsendring.  Der vi diskuterte kva denne endringa «change» dreia seg om. Dialogseminaret vart leia av Ove og Vivi og omhandla tema frå «ego til øko» og det vi ikkje veit endå, men som kan bli i framtida. Prosessen gjekk ut på å finna våre felles verdiar og visjon i prosjektet. Vi besøke og Kjerringøy Handelsstad som er Norlands største og best bevarte, der fekk vi lærerik forteljing om lofotfiske som viktig del av norgeshistoria.

Tekst og foto: Jorunn Barane