Besøk av modell- og inspirasjonsbonde Patricia Mkandawire frå Malawi

Vg2 fekk i haust besøk av Utviklingsfondet og Patricia Mkandawire frå Malawi i Afrika.  Patricia har fått opplæring i landbruksteknikkar som er klimasmarte. Ho lærer frå seg metodane til andre bønder i landsbyen i Malawi slik at dei er betre rusta mot tørke og flom.

Utviklingsfondet har sidan 2006 jobba i Malawi for å auke småskalabønders kapasitet til å tilpasse seg klimaendringane. Arbeidet bidreg til auka matforsyning og lønna arbeid i landet  Utviklingsfondet | Malawi.  Norges Bondelag støttar årleg utviklingsprosjektet Norges Bondelag sine sider.

Å vera modellbonde i eitt av verdas fattigaste land der over 80 % av befolkninga dyrkar sin eigen mat for å overleve står respekt av. Sjølv dyrkar ho mais, soyabønner, kål og nøter. I tillegg har ho høner, grisar og geiter. Som ho seier er det viktig å ha fleire typar avlingar om noke går feilt. Klimaendringar gjer at nye teknikkar og meir variasjon i vekstar som er hardføre  er naudsynt for matforsyninga.  

Samplanting og jorddekke er brukte metodar slik som i økologisk landbruk, fortel Patricia. Ho ser seg rundt i Marknadshagen  og seier at variasjon av vekstar og fokus på naturleg gjødsling slik som på økoskulen er det óg fokus på heime i Malawi. Sjølv lærer ho opp andre bønder i korleis ein kan blanda organisk materiale for å gi næring til livet i jorda og ikkje berre plantene. I følgje ho selv produserer ho seks gonger meir etter å ha lært klimatilpassa landbruk. No kan Patricia i tillegg til å brødfø familien selje på marknaden med forteneste. Nye investeringar i husdyr på garden har óg gitt betre levekår.

Elevane hadde mange spørsmål og innspel til drøftingar både når det gjeld dyrkingsmetodar og korleis klimasmarte løysingar gir eit meir bærekraftig landbruk i ein del av verda som er råka hardast av klimaendringane.

Tekst og foto: Marianne Skudal