Bokbad med økoforfattarar om kamp og håp


«Kanskje er heile bondebregrepet i endring? Me er stadig fleire som produserer mat, og me vil ikkje at matproduksjon berre skal vera for dei få, det må vera noko for alle,» fortalde Siri Helle då ho og Marit Bendz treftest på Mariannes kafé under Økoveka for å fortelja om kvar si bok.

Båe Marit Bendz og Siri Helle har lengje engasjert seg for berekraftig matproduksjon. Som journalist i NRK vart Bendz meir og meir oppteken av (blant anna) journalistars mangel på kunnskap om landbruk:

Dei snakka som om kjøt er kjøt, som om det ikkje er forskjell på kvar kjøtet kjem i frå og korleis da produserast. Det var blant anna behovet for å opplysa om dette eg valde å skrive bok.

I boka Glade dyr og levande jord – korleis bøndene kan bidra til klimaløysinga har Bendz skreve om femten bønder frå sør til nord i Noreg som ho omtalar som inspirerande jordhelsearbeidarar og miljøforkjemparar. Ho ville bidra med eit nytt blikk på landbruket. Dette blikket inneber respekt for den agronomiske kunnskapen som ligg til grunn for vegen nokre bønder allereie ferdast på, andre er interesserte i og fleire andre er på veg til å setja utfor på.

Jordbruksskulelærar Kristin Ryum i samtale med Siri Helle

Siri Helle var elev på SJH for ti år sida, og har sida da gjeve ut fleire bøker om mat og landbrukspolitikk. I den nyaste boka si Trollefossvegen 23: Tilbake til heimbygda skildrar erfaringar og kjensler rundt å flytte tilbake til heimbygda. Når ho fortel om boka vil vektlegg ho at den omreisande, aktivistiske Helle, er den same som no flyttar heim. Ho kallar sin nye bustad for eit mikrobruk, der dei dyrkar potet, jaktar og haustar av naturen til eige forbruk. Å bli bufast inneber langsiktige pliktar og mot til å stå gjennom dei vanskelege tidene, noko mange i dagens samfunn truleg skyr unna.

Ho fortalde at etter mormora hennar døyde fann dei eit sitat i sakene hennar, eit sitat Helle skulle finne gjeldande om det å flytte heim:

Eg drøymde at livet var lykke. Eg vakna og fann at det var plikt. Eg gjorde mi plikt, og fann at livet var lykke.

I kvar si bok har Marit og Siri skreve om liknande tema. Båe handlar om folk som bur i distriktet, om dei kallar seg småbrukarar, bønder eller mikrobrukarar, dei ønskjer å produsera mat på lag med naturen, og håpar at deira val og handlingar bidreg til å skapa ei anna verd. Eller so Marit Bendz samanfatta bøkene, mens ho så på dei om lag 30 folka, inkludert elevar og tilsette frå SJH, som satt på Mariannes kafé for å høyre om dei:

Bøkene handlar om kamp og håp – nett so jordbrukselevane.

Carine og Clara frå SJH var nøgde med bokbadet og tok med seg eit eksemplar av boka til Helle heim.

Tekst: Frøya Torvik
Foto: Dora Bouman