
Måndag 26.september var det duka for opninga av fagskulegraden Handverksysting – verdiskaping i mjølkeforedling. Det etterlengta studiet vil vera med på å setja kursen for framtidas ysterinæring.
Til stades var dei 16 studentane, rektor ved Fagskulen Vestland Torbjørn Mjelstad, avdelingsleiar Eilert Årseth, ystefaglærarar Pascal Baudonnel og Thomas Reime Berthelsen, samt representantar frå SJH. I bakgrunnen vitja VG3 elevane opninga.
Torbjørn Mjelstad påpeika i si tale at studiet er nytt og, i så måte, stadig er i utvikling:
«Studentanes bidrag og tilbakemeldingar vil vera heilt essensielt. Eg ønskjer dykk lykke til!»
I tillegg til velkomstord og talar, vart det servert smaksprøvar på gamalost og blåmuggost frå ysteriet på SJH og brimost frå Sinjarheim.
Eilert Årseth ønskja også dei nye studentane velkommen. Han takka SJH for å ha vore ein viktig pådrivar for etableringa av fagskulen og det faglege rådet som har utvikla læreplanen til skulen. Medlemmane i det faglege rådet reflekterer at studiet er godt rotfesta i næringa. Det har bestått av Norsk Gardsost, TINE SA, Rørosmeieriet, Norsk Meieriteknisk Foreining, Kompetansenettverk Lokalmat Vest, Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Ystebui.
Det var i alt 60 søkjarar til det nye studietilbodet, men berre 16 heldige utvalde kom inn. Elevane har høy grad av kompetanse og allereie ein sterk tilknyting til ysterinæringa, enten gjennom eige ysteri eller arbeid på ysteri. No skal dei samlast ni gongar gjennom to år, og kan ved studieslutt smykke seg med tittelen ysteteknikarar.
Tekst: Frøya Torvik
Foto: Dora Bouman