Open økologisk gard: Pangstart på Økoveka Aurland

Det vart travelt på gardstunet ved SJH på laurdag 24.september når båe by- og bygdefolk kom på besøk til Open økologisk gard. Elevane inviterte både barn og vaksne til eit breitt utval aktivitetar, konsert og varm, økologisk greskarsuppe.

Den siste tidas regnværsdagar vart avbroten av laurdagens solskinn. Her kunne barna få ansiktsmåling, ri på skulehestane og spinne garn. Dei vaksne blei inviterte på blant anna markvandring, fermenteringskurs og plantefarging av garn. Utafor gardsbutikken vart det satt opp ein fargerik grønsaksbod og ein kunne kjøpe, samt lære og presse, eplejus. I kafeen kunne ein slappe av med økologisk greskarsuppe, nypressa eplejus, kaffi og kaker med sesongens grønsaker og bær.

Takk for besøket! Kanskje me sjåast på nokon av dei andre aktivitetane under Økoveka Aurland?

Tekst: Frøya Torvik
Foto: Dora Bouman