
Den andre samlinga i Cultural Innovation through Ecopreneurship (Culineco), Erasmus+ seminar om økologisk entreprenørskap vart gjennomført på Island 25. -29. april 2022 med partnarar frå England, Norge og Island.
Eit av prosjektet sitt mål er å utvikle fundament, struktur og innhald til eit vidaregåande tverrfagleg kurs i Ecopreneurship som skal gje studiepoeng ved lærarutdanninga (ILU) på NMBU. Neste samling blir i Bodø arrangert i samarbeid med Senter for Økologisk Økonomi og etikk ved Nord Universitetet. Siste samling er i Wales, der vi skal prøve ut delar av kurset i samarbeid med Ruskin Mill på deira college i Trigonos nord i Wales.
Frå Ego til Eco på Island
Å landa på Keflavik flyplass er ei spesiell oppleving, nærmare eit månelandskap kan ein vel knapt koma. Men lavalandskapet har mykje å by på når ein ser og lyttar nærmare etter, straks byrjar det å bli levande. Den islandske naturen byr på eksotisk og variert landskap. Naturelementa har forma landet og spor etter jordskjelv og vulkanutbrot dominerar landskapet. Vakre fossefall, slettelandskap, djupe dalar og majestetiske fjell med isbrear tek pusten frå ein.



Vi møttest alle partnarar på kontoret til Alta Consulting i Reykjavik. Dei synte oss arbeidet sitt med organisering, planlegging og kartlegging av regionar på heile Island som grunnlag for planlegging og politiske avgjersle, og utvikling av levande lokalsamfunn, læring og turisme. Det var òg interessant å høyre om Snæfellsnes regionalpark, korleis denne parken er blitt utvikla i tett samarbeid med vår park, Nærøyfjorden i Sogn.
Presidenten på Island Gudni Th. Johannesson inviterte oss heim til han i Bassastadir. Han var særs interessert i prosjektet og vi hadde ein god dialog, blant anna om korleis samarbeid mellom ulike nasjonar kan styrkje utvikling av regionale parkar. I Snæfellsnes fekk me oppleva og bli kjend med regionalparken i praksis. Leiaren av parken, Ragnhildur, guida oss entusiastisk gjennom milevis med vakkert islandsk landskap og fortalde om lokale verksemder i små bygder langs kystlinja. Tradisjonell lammesuppe fekk med servert hjå «ecopreneur» Aslaug og mannen hennar, med ferske urter frå veksthuset deira.
Dei to har bygd opp gartneriverksemd med varme kjelder. Dei dyrkar salat, urter, sommarblomar og mykje meir. Noko som er imponerande og gjer inntrykk i dette golde lavalandskapet.


I Grindafjordur besøkte vi den nye vidaregåande skulen som dei var svært stolte av. Elevane hadde ein presentasjon om saga og geologi, knytt til heimplassen sin. Vi fekk innblikk i kor sterkt forteljingane lever og er knytt til landskap og folk på Island. Elles hadde vi korte presentasjonar frå deltakarar i gruppa om til dømes: sheep farming, mantaining food tradition, og meeting the needs of disentvantage people. Tema som er aktuelle i utdanning for berekraftig utvikling. Kyrkjefjellet i Grindafjordur er ein stor attraksjon for tilreisande, noko som utsikta frå skulen også var retta mot.


Ut frå inspirasjon og opplevingar undervegs hadde vi seminar saman med inviterte folk frå lokalsamfunn og involverte partnarar i Erasmus+ prosjektet. På denne måten arbeidde vi som stadutviklarar, noko som er prosjektet sin intensjon. Deling av kunnskap i fellesskap, forståing og samspel bidro til å skape struktur og innhald i det tverrfaglege kurset vi skal utvikle.
Culineco-prosjektet skal teste ut ulike dimensjonar av «Cultural innovation through Ecopreneurship» i ulike geografiske settingar og utarbeida eit tverrfagleg program for lærarstudentar. Noko som er i tråd med UNESCO sine målsetjingar for berekraftig læring og samfunnsutvikling i 2030. Og ikkje minst den nye fagplanen til lærarverket (Udir, 2020) i Norge med den verdibaserte overordna delen, der hovudsøylene er berekraftig utvikling, folkehelse og livsmeistring, demokrati og medborgarskap. Dette krev innspel og leveranse frå alle partnarane som vi skal førebu til neste samling i Bodø. Dei tre dimensjonane me har arbeidda med hittil og skal vidareutvikle er:
- Forståing av den regionale konteksten, bygging av den pedagogiske provins, staden sin eigenart og lokalsamfunn.
- Økologisk økonomi og etikk, frå ego til eco, mot ein meir organisk kontra mekanisk verkelegheitsforståing.
- «Ecopreneurship and cultural innovation», konseptet, praksis og utdanning, tverrfaglege tema og prosess.
Foto: Marianne Skudal og Arni Geirrson
Tekst: Jorunn Barane og Marianne Skudal