Andrew Mc Million meiner me sårt treng ei reproduksjonsrevolusjon. Berre gjennom reproduksjon kan me sikre oss frø som er tilpassa klimaendringane.
Andrew kom til SJH for å snakke om frøtaking og frøpolitikk i starten av april. Sjølv er han busett på eit småbruk på Nes i Akershus, og har det siste tiåret tileigna seg bred kunnskap om båe produksjon og reproduksjon av plantar. Han er ein av fleire som tek stafettpinnen vidare frå arbeidet med sokalla Community Seed Banks (CSB, bruksgenbanker) på 70-tallet.
På 70-tallet kom Community Seed Bank revolusjonen som ein motkraft til dei store selskapas patentering av frø. Dei hadde utvikla hybridfrø som kunne gi større avlingar, men som gjorde landbruket avhengig av å kjøpe frø, fortel Andrew.
Bruksgenbankane tok mål for seg å oppretthalde mangfaldet av frø, foredle sortar utan å patentere og dele frø seg imellom. Det som før var vanleg var blitt uvanleg, nemleg å halde seg sjølv med frø og utveksle frø lokalt. Som eit resultat er mangfaldet av frø, og dermed planter, i verda betrakteleg redusert.
Med tanke på klimaendringane og sjølvforsyning i ein ustabil verd, er me prisgitt å ha eigne frø som er tilpassa lokale forhald. Og det er så mykje ein kan gjere dersom ein følg planta vidare frå produksjon til reproduksjon, det er jo då alt det morosame skjer!
Andrew har sete i styret til KVANN, Kunnskap og vern av nytteplanter i Norge, sidan stiftelsen i 2016, og arbeider for å få båe hobbygartnarar og bønder til å sjå viktigheita av plantemangfald med tanke på klimaendringane og matsikkerheit.
Frø er grunnleggjande dersom me skal tilpasse oss klimaendringane. Me er naud til å reprodusera i tillegg til å produsera. Me ventar forgjeves på ein «silver bullet» som skal lause krisa, kvar enkelt bør arbeide for eit paradigmeskifte der me set planeten og økosystem i sentrum, fortel Andrew.
Med klimaendringane vil enda fleire flytta på seg, det er sannsynleg at folketalet i Norden vil stige. I nokon område vil det ikkje lenger være mogleg å dyrke mat og då må me ha frø som er tilpassa lokale forhald. Eg draumar om at kvar kommune, i alle fall fylke, skal ha si eiga bruksgenbank. Det vil fungera litt som eit bibliotek, berre at ein får låne lokalt tilpassa frø.
Kvann er den einaste medlemsbaserte organisasjonen som arbeider med frøtaking i Noreg. Per i dag består dei i stor grad av hobbydyrkarar, men Andrew håpar å få med landbruket.
Det er fyrst når me kjem opp på landbruksnivået at me kan gjera det store arbeidet med å tilpasse frø til klimaendringane her i Noreg. Offisielt pratar me om ei sjølvforsyningsgrad på 30-40 %, men på frø er me nærmare 2%. Det er i hovudsak korn og for sortsutvikling hjå Graminor finnest ikkje kategorien grønsaker eingong, forklarar han.
Andrew påpeikar at for å få tilskot som grønsakdyrkar i dag må ein produsere store volum, til dømes 5000 hovudsalat før ein får tilskudd. Det finnes heller ingen signifikant støtte for dei som fokuserer på mangfald i si produksjon.
Ein burde få mangfaldstilskot dersom ein hadde eit visst tal artar på garden, men det er berre produksjon. For å tilpasse oss må me også reprodusera, derfor bør me også ha eit tilskot for reproduksjon.
Reproduksjon av frøsåvare er regulert gjennom såvareforskrifta som kom på 60-tallet. For å kunne selje frø, må ein være registrert som såvareforretning. Andrew fortel at då forskrifta blei innført var det behov for å auke kvaliteten på frøa som blei selde.
Slik sett er det viktig at me har såvareforskrifta, men i praksis ekskluderer forskrifta dei små, mangfaldige prosjekta for reproduksjon av frø. Dette må me endra på, slik at folk som driv marknadshagar og mindre produksjonar kan få støtte dersom dei driv mangfaldig og med reproduksjon. Då kan me fort få sparka i gang ein type reproduksjonsrevolusjon, som me sårt treng!
Er du bonde og interessert i å være med på reproduksjonsrevolusjonen?
Andrew har følgande tips:
- Finn ut kva du likar/vil dyrke (ta kontakt med Kvann for hjelp)
- Om du lykkast i å produsere sorten, kan du ta eit kurs i reproduksjon/bruke digitale ressursar som https://www.seedsavers.org/ og http://www.kvann.no
- Inngå samarbeid med andre gardar slik at dykk kan utveksle frø
Tekst: Frøya Torvik
Foto: Otilie Stokseth