
17.-18.mars deltok fleire SJH elevar på seminar for unge økologiske bønder. Ikkje berre blei det kjende med andre som brenn for økologi, dei fekk også eit nytt perspektiv på deira eiga skule.
Økologisk Noreg var arrangør for seminaret som blei halde i Stavanger. Frå SJH deltok ni elevar frå VG3 og to elevar frå VG2. I ettertid fortalde Anne Blanken, Harriet Vossgård, Smirna Simeonova, Sigrid Pedersen og Olav Torgersen om deira oppleving.
Kvifor ville dykk delta på seminaret?
Økologisk Noreg hadde satt saman eit spanande program med fokus på unge bønder. Denne vinklinga, og korleis ein skal leggja landbruket til rette for oss, er ikkje så vanleg, så det ville me delta på. Attpåtil var det ei god moglegheit til å få meir kunnskap om det me interesserer oss for og skape oss eit nettverk utanfor SJH av folk som arbeidar med økologisk landbruk. På sikt vil jo Økologisk Noreg kunne være ein stad me kan engasjera oss, når me ikkje lenger har skulen å arbeide ut i frå. Me er godt kjende med miljøet på og rundt SJH, men har nok ikkje vore så medvitne om andre aktørar i det økologiske miljøet.

Kva vil dykk trekkja fram som særleg interessant frå seminaret?
Eg merka at me har lært ein heil masse etter nesten to år på SJH, og det var enkelt å følgje med på det som blei snakka om. Til dømes forstod eg at jordliv og ferment er noko nytt i det store bilete, men for meg verker det allereie som ‘common sense’. Eg vart medviten om at me er heldige med denne skulen som er så fremoverlent. Også for mange bønder er dette noko nytt, og det har eg ikkje tenkt på før, fortel Anne.
Me besøkte blant anna bonde Kolbjørn Anda på Leikvoll gard som driv med økologisk mjølkeproduksjon. Det var artig å sjå ein bonde som aktivt tar i bruk ferment og biokull, som me pratar mykje om på skulen, seier Olav.
Me besøkte også Ullandhaug økologiske gard i Stavanger. Dei kunne fortelje at dei driv litt biodynamisk, men at det er noko dei ikkje seier høgt, for det vil nok ikkje bli så godt motteke i lokalmiljøet. Det var nok eit bevisst val av Økologisk Noreg å halde seminaret i Rogaland der det er utroleg få økologiske produsentar, legg Anne til.
Eg tykte foredraget om EUs landbrukspolitikk var interessant, for å zoome litt ut frå vesle Aurland. Dei har satt seg som mål at 25 % av jordbruksarealet skal være drive økologisk innan 2030! Det er ambisiøst, men godt å sjå at ein ser viktigheita av det, fortel Smirna.
Me som reiste på seminaret er jo ikkje bønder, men me har kanskje eit ønskje om å bli det. Og fleire som var på seminaret var heller ikkje bønder, mange bur i by, er akademikarar eller jobbar i organisasjonslivet. Det resulterte i eit fint møte mellom dei som tenkjer teoretisk og arbeidar politisk med landbruk, og dei som arbeidar praktisk med det. Det er viktig at vi møtes frå dei ulike sidene for å kunne ta gode avgjersler, seier Harriet.
Det var til og med nokon som lurte på kva dei kunne gjera for oss for å fremja unge, norske bønder!, skyt Anne inn.
Kva svarte dykk på det då?
På seminaret ble me meir medvitne om utfordringar knytt til å bli gravid som bonde. Me hadde ikkje tenkt så mykje på at det kan vera vanskeleg å finne jordmødrer som har kjennskap til landbruket og at støtteordningane generelt er for dårlege. Ein er veldig avhengig av eit godt støtteapparat for at det skal fungere. Derfor var det fint at me no har kjennskap til folk som har vore gjennom det og som veit kor ein kan få informasjon og råd. Soleis var det kult at Økologisk Noreg ville setja fokus på dette på seminaret, det er viktig med plass til familieliv i bondens liv!, fortel Sigrid og Harriet.
Også er noko av det viktigaste kanskje fleire arrangement og møtestader. Ein skal ikkje stå aleine som ung, ny bonde!, avsluttar dei.

Tekst: Frøya Torvik
Foto: Elisabeth Fagerland