Ungdomsbedrifta Paddehatt produserer blågråøsterssopp

Soppen me kjøpar på butikken er som regel importert frå andre land og frakta lange avstandar, men på Gardsbutikken på SJH har ungdomsbedrifta Paddehatt i det siste selt lokalprodusert blågråøsterssopp. Drivarane av bedrifta nyttar skulens drivhus og eigeprodusert vekstmedium laga på lokale ressursar for å dyrke fram soppen.

VG2-elevane Katharina Leucht og Suze Commandeur står bak elevbedrifta, som dei starta for å lære meir om sopp.

Sopp er skikkeleg spennande! Vi lærer jo ikkje om dyrking av sopp elles på skulen, og det er ein heilt anna organisme enn plantar og dyr, fortel Katharina.

Katharina er meddrivar av Paddehatt.

Ungdomsbedrift er eit av fordjupingsfaga ein kan velje som VG2-elev. I faget får ein tid og rettleiing til å utvikle eit produkt eller ei teneste som ein har spesiell interesse for. For mange kjennes det utfordrande å starte eige bedrift, og difor kan valfaget vera ein god arena for å prøva seg i eit trygt miljø med mykje ressursar og kunnskap.

“Eg syns det virka litt skummelt å starte ei bedrift, men eg har hatt lyst til det. Så da var settinga her veldig trygg å prøve det i. Samstundes har tidlegare elevar fortalt oss at det fantes etterspørsel etter sopp her”, seier Suze. “Det er enklare å starte opp når ein har rettleiing og tilgang på skulens ressursar, som drivhus, kunnskap og interesse blant folk ikring oss”, skyt Katharina inn.

Soppen seljast blant anna til gardsbutikken.

Det har vore viktig for drivarane av Paddehatt å basere produksjonen på lokale, gjenbrukbare ressursar og gjera han så lite kapitalkrevjande som mogleg. Difor dyrkar dei soppen på kaffigrut frå skulen og Mariannes kafé, samt makuleringsrestar og sagflis frå Aurland. Soppen seljast i gardsbutikken og noko til skulekantina.

Både Katharina eller Suze var nybegynnare på sopp, men etter nokon månadar med prøving og feiling tenkjar dei at dei også kunne ha tilbode kurs gjennom bedrifta.

Suze i gang med dyrking av sopp. Foto: Katharina Leucht

Heldigvis finnes det mykje informasjon på nettet og youtube, og me har snakka med tidlegare elevar om deira erfaringar. Me kunne ikkje vite om det ville bli vellykka, og me måtte vente 4-5 ukar før soppen begynte å vekse fram. Det var veldig spennande!

Katharina fortel at dei laga ein foretaksplan med rekneskap, sokalla dekningsbidrag, for å sjå kva som lønte seg. Det bidrog til at dei blant anna byrja å ta sitt eige soppmycel til vidare produksjon, i staden for å kjøpa det inn kvar gong.

No har me begynt å forstå kva soppen treng, og da er det ikkje so komplisert. Første runde med sopp gløymde me blant anna å laga hull i posane, så soppen fekk ikkje luft. Då ble biologen i meg veldig flau, seier Katharina og ler.

Me har lært mykje om samarbeid og ting me ikkje ante me ville lære meir om, som blant anna traktorkøyring. Ein må vera meir aktiv i dette faget enn andre fag, fordi det er ein sjølv som driv prosjektet. Me vil absolutt anbefala å velje Ungdomsbedrift!, konkluderer drivarane av Paddehatt.

Soppen veks i eigeprodusert vekstmedium i skulens drivhus.



Tekst: Frøya Torvik
Foto: Dora Bouman der ikkje anna står i bildeteksten