Takterrassen i Buenos Aires vart for liten for den gryande bonden

I Buenos Aires fylde takterrassen til Anders Flatlandsmo seg opp med plantar, gris og høns, men det vart trongt om plassen. Tilbake på heimgarden på Voss blei innhaustinga ein skuffelse. Ved SJH fann han og sambuar Jimena kunnskapen dei mangla. No driv dei både marknadshage og andelshage.

Kvifor byrja du på SJH?
Eg hadde ingen planar om å verta bonde, men i 2003 landa eg særdeles hardt etter eit fallskjermhopp. Det tok mange år å trena seg opp att. Som ein del av rehabiliteringa budde eg fleire år i Argentina. Midt i Buenos Aires hadde eg ein stor takterrasse som etter kvart vart full av plantar som eg tok med frå ulike reiser i Amazonas. På eit tidspunkt hadde eg óg ein gris, tre høner og to kattar. Handlaget med plantar og dyr gjorde meg godt. Behovet for meir plass til ulike prosjekt meldte seg, og då kom eg på at eg faktisk kjem frå ein fin liten gard på Voss. Eit år seinare, i 2015, kom eg og kjærasten min, og ei nyfødt jente heimatt til garden Flatlandsmo. Me sette poteter, sådde raudbetar og naut dagane i frisk natur. Det blei ikkje mykje til innhausting. Omtrent lika mykje poteter som me sette, og ikkje ein raudbete. Sommaren etter ynskte me å prøva på nytt, men me trong meir kunnskap.

I juni 2016 reiste Jimena, meg og vår eitt år gamle Synneva Maria på biltur. Me hadde høyrt om at det var ein bra gardsbutikk og eit godt bakeri i Aurland. Me handla masse rare ting på butikken. Alt økologisk. Med kvar vår is sat me oss med nokre blide folk på baksida av butikken. Dei var elevar og lærarar frå skulen. Dei sat og snakka om mange ting som interesserer oss. Og so var dei so blide. Ja, det har eg visst sagt før, men det er verdt å gjenta. For det var den gode energien som me etter kvart skulle verta godt kjent med som fanga oss denne dagen. Me vedtok einstemmig at me skulle søkja skuleplass til heile familien, under bilturen attende til Voss.

Jimena og Synneva Maria spente på å starte på ny skule og barnehage.

Kva er dei beste minna frå SJH?
Alle me gjekk på skulen med, elevar og lærarar, var utruleg fine. Kvar og ein med sin særeigne personlegdom og nyfikne blikk på verda. Og det å ha ein eigen barnehage av beste sort inne på skulen som jenta vår fekk gå på gjorde kvardagen solrik sjølv med regn.

Elles so er vel det å mjølka geiter på Sinjarheim noko av det som gjorde sterkast inntrykk på meg. Heile settingen var som eit episk eventyrdrama. Og mens det fossa og skumma i bytta til læremeister Even, so var det langt mellom kvar dråpe i mi.

Fyrste møtet med stølen Sinjarheim, dit elevane drar kvar sommar med skulens geiter.

Kva arbeider du med no?
Dei to siste åra har me starta marknadshage og dyrka eit dekar med eit bredt spekter av urter og grønsaker. Dette tykkjer me er ein storleik som fungerer godt i oppstartsåra i forhold til ressursane me har tilgjengeleg. Metodar og system er under utvikling. Me lærer oss kompostering, bruk av biodynamisk kalender og preparat. Me transformerer den gamle smalfloren om til veksthus, vitaliserer jord og gjer klar til å utvide marknadshagen. Ulike salskanalar har blitt prøvd for produkta våre, og me ynskjer å bli best mogleg på alt som spelar inn i frå jord til kunde.

Me jobbar og med ein del strategisk tilrettelegging for framtida. Flatlandsmo har sidan 1700-talet vore ein gard der reiseliv og jordbruk har stått kvarandre nær. Men dei siste 20 åra har jordbruket hatt pause, og foreldra mine som eig garden i dag, har sidan 2000 konsentrert arbeidet sitt rundt campingen. Når me overtar garden ynskjer me å skapa ein samlingsplass for kunnskapsoverføring og gode opplevingar, med økologiske verdiar som fundament. Planane vert til undervegs og i alt me gjer prøver me byggja vegen som fører kultur, natur og reiseliv saman.


I 2021 vart produsentane på Flatlandsmo Debio-sertifiserte.

Korleis har tida på SJH påverka deg og arbeidet du gjer?
Tida i Aurland og på SJH er vanskeleg å tenkja seg utan. Her vart mange frø sådd, gode venskap knytt og mange dører opna. Kunnskapen og gjestfriheita som miljøet på SJH gav, og som dei fortsett med, har gitt oss stor fridom til å gyva laus på eit heilt nytt liv. Me lagar mat til oss sjølve og til lokalsamfunnet som me er overtydd er bra for helsa.


Kvifor er økologi viktig for deg?
Økologi som jobbar med oss krev at me jobbar med den. Menneska har dei siste 100 åra og vel so det, byrja å verta litt for smarte og skapa ting som skapar problem for økologien. Menneskeskapte katastrofar på den fantastisk flotte planeten me bur på. Eg kan ikkje sjå noko som er meir viktig enn å setja spaden i jorda i dag snarare enn i morgon. Om ikkje so snur økologien seg mot oss. For meg er det viktig å produsera økologisk fordi det følast heilt riktig, samt for å visa dei rundt oss korleis det skal gjerast. Noko anna alternativ finns ikkje.


Kva er planane vidare?
Planane er å ta eit år til med marknadshagen mens me gjer ferdig veksthus og komposteringsplass, og vitaliserer fire dekar til med jord klar til kultivering. Neste år vil me vera klare til å utvida til tre dekar marknadshage, eit dekar andelshage og eit dekar kvannehage. Den reelle auken på marknadshagen vil berre vera ei fordobling, sidan me styrer mot rundt 1/3 grøngjødsel i skiftet. Men det vert uansett eit stort løft.


Tekst: Frøya Torvik
Foto: Privat